fransk matematikar, astronom og fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Siméon Denis Poisson (21. juni 1781–25. april 1840) var ein fransk matematikar og fysikar. Han gjorde ei rekkje viktige oppdagingar i matematikk, og han har fått fleire teoriar og Poissontalet kalla opp etter seg.
Faren til Siméon Denis var tidlegare soldat, og då den franske revolusjonen braut ut i 1789 var han ein ivrig støttespelar for dei nye politiske tankane. Etter revolusjonen vart faren president i Pithiviers-distriktet, om lag 80 km sør for Paris, og frå denne stillinga fekk han høvet til å leggje tilhøva til rette for at sonen skulle få ei sikker framtid.
Det var ynsket til foreldra at Siméon Denis skulle studere medisin og bli kirurg. Siméon Denis hadde ein onkel i Fountainebleu som var kirurg, og han vart sendt dit som lærling. Sjølv om han var eit talentfullt barn vart det snart klårt at han korkje hadde interesse eller eigenskapar som passa for eit slikt yrke.
I 1796 vart han sendt tilbake til Fountainebleu, men denne gongen for å studere ved École Centrale. Her vart det snart klårt at han hadde eit stort talent i matematikk. Lærarane hans i Fountainebleu var så imponert over evnene hans at dei overtalte han til å freiste seg på opptaksprøva ved École Polytechnique i Paris. Sjølv om Poisson hadde langt mindre formell utdanning enn dei andre som tok denne opptaksprøva, enda han opp som bestemann.
I 1798 starta Poisson studia i matematikk ved École Polytechnique, og han fann seg snart til rette med studia. Matematikklærarane hans var Lagrange og Laplace, og dei såg snart kva for eit talent han hadde. Då han var 18 år, skreiv Poisson ein artikkel som var så god at den vakte merksemda til Legendre, som òg var ein av dei store matematikarane i Frankrike på denne tida.
Det siste året Poisson var student ved École Polytechnique skreiv han ein artikkel om likningsteori, og denne var så god at han fekk avslutte studia i 1800 utan å ta avsluttande eksamen. I 1802 vart han tilsett ved École Polytechnique, og i 1806 overtok han det professoratet som Fourier hadde hatt inntil han vart sendt til Napoleon i Grenoble.
I 1808 vart Poisson astronom ved Bureau des Longitudes, i tillegg til det professoratet han hadde ved École Polytechnique, og i løpet av dei to neste åra leverte han tre viktige artiklar til det franske vitskapsakademiet.
I tillegg til forsking og undervising, spelte Poisson etter kvart òg ei viktig rolle i organiseringa av matematikken i Frankrike. Sjølv gjorde han ei rekkje viktige oppdagingar på fleire område innanfor bruksmatematikk. I 1817 gifta han seg med Nancy de Bardi, men dei nye krava som familielivet stilte la ingen dempar på arbeidslysten hans. I løpet av karrieren sin leverte han mellom 300 og 400 matematiske arbeid, og namnet hans er forbunde med fleire sentrale teoriar i matematikken.
(utval)
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.