From Wikipedia, the free encyclopedia
Sigurd II Munn eller Sigurd Haraldsson (1133–10. juni 1155) var konge av Noreg i perioden frå 1136 til 1155.[1]
Sigurd II | |||
| |||
Konge av Noreg | |||
Regjeringstid | 1136–1155 | ||
---|---|---|---|
Fullt namn | Sigurd Haraldsson | ||
Fødd | 1133 | ||
Fødestad | Noreg | ||
Død | 10. juni 1155 | ||
Dødsstad | Bergen | ||
Gravstad | Kristkirken på Holmen i Bergen | ||
Dynasti | Gille dynasty | ||
Far | Harald IV av Noreg | ||
Mor | Thora Guttormsdatter | ||
Born | Håkon II av Noreg, Sigurd Sigurdsson Markusfostre, Cecilia Sigurdsdatter, Sverre Sigurdsson, Erik Sigurdsson, Harald Sigurdsson |
Sigurd Munn var son av kong Harald IV Gille og frilla Tora Guttormsdottir. Han voks opp i Trøndelag og blei konge av Noreg etter faren i 1136, saman med broren Inge Krokrygg. Frå 1142 blei den eldre broen Øystein Haraldsson òg konge.
Dette var under den norske borgarkrigstida, og byrjinga av regjeringstida til Sigurd var prega av kamp mot tronkrevjarane Sigurd Slembe og Magnus Blinde. Desse to blei endeleg slått under slaget ved Hvaler i 1139.
Etter dette følgde ei fredeleg tid for samkongane. Då Øystein Haraldsson kom til landet frå Irland i 1142 blei han godteken som kongsson sidan Harald Gille hadde sagt han hadde ein son i Irland.
Etter kvart som dei voks til og rådgjevarane deira fall frå, tok likevel brørne til å uglesjå kvarandre. Dei møttest i Bergen i 1155 for å forsøka å halda på freda. Her skulda Inge Krokrygg dei to brørne sine for å ønskja å styrta han. Dette nekta Sigurd for, men då ein av hans menn drap ein av Inge sine vakter, gjekk Inge til handling. Han sende folka sine til huset Sigurd Munn heldt til, ovrrmanna han og drap han.
Etter at Sigurd døydde tok støttespelarane hans sonen Håkon Herdebrei som konge. I løpet av borgarkrigen som følgde skulle mange som kravde trona hevda å vera son til kong Sigurd. Sverre Sigurdsson var ein av dei som sa han var kongsson, og lukkast både med å overtyda folk om dette og med å bli konge av Noreg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.