norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Sigbjørn Steinarsson Helle (14. juli 1815–24. juni 1899) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Fjotland i Vest-Agder.
Far hans var gardbrukar. Sjølv var han skulehaldar i heimbygda frå 1837 til 1856. Frå 1840 var han gardbrukar på farsgarden i Fjotland. Han var medlem av heradsstyret 1843-90, ordførar i 30 år. Elles var han forlikskommissær 1843- 49 og 1853-90, samt formann i matrikkelkommisjonen i Fjotland.
Helle representerte Lister og Mandals amt på Stortinget 1862-63, på omframstortinget 1864, i 1865-66 og 1868-69. I heile si stortingstid var han medlem av justiskomiteen.
Han døydde på garden sin i Fjotland i 1899.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.