From Wikipedia, the free encyclopedia
Sigbjørn Bernhoft Osa (3. mai 1910–2. februar 1990), fødd i Ulvik i Hardanger, var ein norsk musikar og statsstipendiat i folkemusikk og busett på Voss. Han var son til kunstmålaren Lars Osa og bror til journalisten Theodor Bernhoft Osa. Sigbjørn spela både fiolin og hardingfele og var den mest kjende utøvaren på det sistnemnde instrumentet i det 20. hundreåret.
Sigbjørn Bernhoft Osa | |||
Fødd | 3. mai 1910 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ulvik herad | ||
Død | 2. februar 1990 (79 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | fiolin, fele | ||
Verka som | musikar, felespelar | ||
Mor | Hermine Bernhoft Osa | ||
Far | Lars Osa | ||
Born | Liv Bernhoft Osa | ||
Prisar | Juryens hederspris i Spellemannprisen, Norsk kulturråds ærespris |
Osa vart fødd i Ulvik, men familien budde i nokre år i Valle i Setesdal før dei flytte til Voss. Faren Lars Osa spela fele, og det viste seg snart at sonen hadde talent. Bernhoft Osa flytte til Oslo for å få fiolinutdanning av Bjarne Brustad som 16-åring. I 1920 til 1930 var han elev på ein orkesterskule i Bergen, og i 1931 - 32 fortsette han fiolinstudia sine i Berlin. og debuterte som fiolinist i Oslo i 1937. Like etter andre verdskrigen fekk han stilling som fiolinist i det som skulle verta Kringkastingsorkesteret, samtidig med at han spelte i fleire andre orkester.
Etter kvart byrja Bernhoft Osa å satsa for fullt på hardingfele. Han gjorde ei rekkje innspelingar på grammofon både som solist og med orkester og heldt mange konsertar og turnear både i Noreg, Europa og USA. Som ein av dei første folkemusikarane i Noreg let han musikken sin få samklang med moderne musikalske uttrykksformer, som t.d. i samarbeidet sitt med popgruppa «Saft» frå Bergen. Han hadde ei rekkje framføringar både i radio og fjernsyn, og var elles ein etterspurd foredragshaldar.
Osa hadde i ei årrekkje tillitsverv i Voss Spelemannslag og i Landslaget for spelemenn. Osa var initiativtakar til, og musikalsk leiar for Ole Bull Akademiet på Voss, som gjev undervisning i norsk folkemusikk. Han vart elles utnemnd til æresborgar av staten Washington i 1968, fekk Norsk kulturråds ærespris i 1976, Spellemannsprisen sin heiderspris og Torkjell Haugerud-prisen med gullmedalje.
Sigbjørn Bernhoft Osa var far til skodespelaren Liv Bernhoft Osa.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.