From Wikipedia, the free encyclopedia
Separasjon er opphøyr av det ekteskapelege samlivet. Ordet separasjon kjem frå latin separare, 'skilje'.
Dette kan skje antan ved faktisk separasjon/samlivsbrot, eller ved separasjon etter lova. Separasjon etter norsk lov skjer ved løyve eller i sjeldne tilfelle ved dom på separasjon etter reglane i ekteskapslova, legal separasjon.
Kvar av ektefellane kan krevje separasjon. Viss partane flyttar frå kvarandre, og altså blir faktisk separert, så kan kvar av dei eller begge krevje skilsmisse etter 2 år. Det vanlege er likevel at ein eller begge søker Fylkesmannen om løyve til separasjon. Når partane deretter ikkje har budd saman i eitt år, kan kvar av dei eller begge krevje skilsmisse.
Ein separasjon blir utan rettsverknad viss partane held fram samlivet eller flyttar saman igjen. Samliv i ei overgangstid til samlivet blir brote, eller kortvarige forsøk på å gjenoppta samlivet har likevel ikkje denne verknaden.
Viss ektefellane har felles born som er under 16 år, så må ektefellane møte til mekling med formål å kome fram til ein avtale om foreldreansvaret, kvar borna skal bu fast (dagleg omsorg) og samvær, før dei kan søke om og få løyve til separasjon.
Nokre saker om oppløysing av ekteskap blir ført for domstolane. I somme tilfelle kan då resultatet bli dom på separasjon.
Verknaden av løyve til eller dom på separasjon inntrer den dagen løyvet blir gitt eller dommen blir avsagt, viss ikkje anna blir bestemt.
Verknadane av separasjon etter lova er mellom anna at den gjensidige underhaldsplikta opphøyrer, og det gjer også den gjensidige arveretten.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.