From Wikipedia, the free encyclopedia
Seksuelt overførbare sjukdommar er sjukdommar som typisk blir overførte gjennom seksuell omgang, som samleie, eller ved at infeksjon kjem i kontakt med uinfiserte slimhinner gjennom annan kontakt, som fødsel og amming. Mange av sjukdommane kan også smitta gjennom infisert blod eller blodprodukt, eller ved bruk av infiserte sprøyter. Andre kan ganske enkelt smitta gjennom hudkontakt.
I denne gruppa sjukdommar finn ein typiske kjønnssjukdommar som syfilis, gonoré, klamydia, blaut sjanker (ulcus molle), lymfogranuloma inguinale og granuloma venerum. Virus som hiv/aids, hepatitt B, herpes og papillomavirus, som kan føra til kjønnsvorter og fleire former for kreft, er også seksuelt overførbare
Seksuell omgang med fleire aukar risikoen for smitte av seksuelt overførbare sjukdommar, men ein kan også få dei gjennom ein enkelt kontakt med ein infisert person. Rett bruk av kondom ved samleie senker risikoen.
Sjukdommar som er forårsaka av bakteriar kan behandlast med antibiotika. Det finst vaksinar mot nokre av virusa, som ellers ofte kan hemmast med antivirusmedisin, sjølv om ein ikkje blir kvitt viruset.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.