From Wikipedia, the free encyclopedia
Sejong den store (7. mai 1397–18. mai 1450) var den fjerde kongen i Joseon-dynastiet av Korea. Han er best kjend for å ha skapt det koreanske alfabetet hangul, som han rett nok i samtida si møtte sterk motstand mot å innføre, særleg frå skriftlærde i kinesiske teikn (hanja). Sejong er ein av to koreanske herskarar som etter døden sin har fått nemninga «den store» lagt til namnet sitt. Den andre er Gwanggaeto den store av Goguryeo.
Sejong Hangul 세종대왕 (f.: 이도) Hanja 世宗大王 (f.: 李裪) RR: Sejong Daewang (f.: I Do) MR: Sejong Taewang (f.: I To) | |||
Konge av Korea (Joseon-dynastiet) | |||
Regjeringstid | 18. september 1418-18. mai 1450 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 10. april 1397 | ||
Fødestad | Tongin-dong | ||
Død | 17. februar 1450 | ||
Dødsstad | Andong pjolgung | ||
Gravstad | Yeongneung (Sejong) | ||
Føregangar | Taejong av Joseon | ||
Etterfølgjar | Munjong av Joseon | ||
Gift med | Dronning Soheon, Lady Chonju Lee, Yang, lady Kang, Lady Park, Lady Choi, Lady Ho, lady Lee, Lady Song, Lady Cha | ||
Dynasti | Joseon | ||
Far | Taejong av Joseon | ||
Mor | Wongyeong | ||
Born | Jeongso, Munjong av Joseon, Jeongeui, Sejo av Joseon, Anpyeong, Imyeong, Gwangpyeong, HwaYi, 정현옹주, Geumseong, prince KyeYang, Pyeongwon, prince YiChang, Hannamgun, prince MilSang, Suchungun, prince IkHyun, Yeongeung, prince YeonPung, Lee YeonHae, prince DamYang, 정안옹주 (세종) |
Sejong var den tredje sonen til Kong Taejong. Då han var 12 år gammal vart han storprins Chungnyeong (충녕대군; 忠寧大君) og gifta seg med dottera til Sim On (심온; 沈溫) av Cheongsong (청송; 靑松), best kjent som Lady Sim (심씨; 沈氏), som seinare fekk tittelen prinsesse Soheon (소헌왕후; 昭憲王后).
Sejong utmerka seg på fleire område og var favoritten til faren.
Sejong vart Koreas herskar på ein noko uvanleg måte. Den eldste av sønene til kongen, prins Yangnyung (양녕대군), meinte at han sjølv mangla naudsynt dugleik for å bli konge, og meinte at Sejongs lagnad var å bli konge. Han og broren hans, prins Hyoryung (효령대군), var samde i at det var plikta deira å sørgje for at Sejong vart konge. Med god hjelp av klossete framferd ved hoffet i Seoul, sørgde dei for at dei vart bannlyst frå hovudstaden. Dermed var vegen klar for Sejong. Den eldste prinsen levde i fjella der han vandra rundt, medan den andre prinsen søkte seg til eit buddhistisk tempel, der han vart munk.
I juni 1418 abdiserte Kong Taejong og Sejong vart krona som konge av Joseon i august og byrja samstundes kongegjerninga si. Taejong hjelpte til med råd innanfor militære spørsmål dei neste fire åra fram til han døydde i 1422.
Sejong var avhengig av jordbruksproduksjon, og etablerte eit system der bøndene betalte skatt etter kor stor avkasting avlinga gav. Dermed kunne bøndene bry seg mindre med skattenivået og meir om avlinga si. Så snart kongen disponerte over eit tilstrekkeleg stort forråd sørgde han for at dette vart distribuert til fattigare bønder. I 1429 vart «Nongsa-jikseol» (hangul: 농사직설, hanja: 農事直說) utgjeve under Sejongs overoppsyn. Dette var den første boka om koreansk jordbruk, og ho handla blant anna om innhausting.
Kong Sejong den store spelte ei stor rolle i koreansk historie ved at han introduserte det koreanske alfabetet hangul som skriftspråk for koreansk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.