From Wikipedia, the free encyclopedia
Det skotske sosialistpartiet, Scottish Socialist Party (SSP), er eit venstreparti i Skottland som står på ein marxistisk økonomisk plattform og arbeider for skotsk sjølvstende.
Scottish Socialist Party | |||
| |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1998 | ||
Hovudkvarter | Glasgow | ||
Medlemstal | 3 500 (2014) | ||
Ideologi | demokratisk sosialisme, skotsk sjølvstende, Scottish republicanism, populistisk sosialisme |
SSP blei danna i 1998, med utgangspunkt i Scottish Socialist Alliance, som namnet seier ein allianse av skotske venstregrupper, mellom dei «trotskistiske» Scottish Militant Labour (Militant Tendency), Scottish Republican Socialist Party, og Communist Party of Scotland. Dei viktigaste personane ved danninga av SSP var Tommy Sheridan og Alan McCombes.
I 1999 gjorde SSP det ganske godt i det første valet dei deltok i, og fekk inn Sheridan som parlamentsmedlem for Glasgow. Perioden sidan har vore ein vekstperiode for partiet, og det fekk ein betydeleg medlemstilvekst da Socialist Workers Party i Skottland bestemte seg for å bli ein del av SSP. Mange medlemmer er også komne frå Labour Party og Scottish National Party (SNP). Avgjerda til Rail, Maritime and Transport workers union RMT i 2003 om å la lokalavdelingane deira slutte seg til SSP om dei vil, førte til at heile forbundet blei ekskludert (utestengt) frå Labour Party i januar 2004.
SSP har opplevd ein del interne usemjer. Fraksjonar, det vil seie organiserte tendensar som i SSP blir kalla plattformer, er fullt ut tillatte i SSP. Nokre hevdar dette bidrar til indre strid, men andre vil hevde det burde vere ein sjølvsagd demokratisk rett å organisere tendensar i alle politiske parti, slik det er i SSP.
Partiet har blitt den fremste krafta på ytre venstre i Skottland, og skåra mykje betre enn den fremste konkurrenten på den sosialistiske venstresida, allbritiske Socialist Labour Party (SLP), ved det skotske parlamentsvalet i 2003. SSP fekk da 6 medlemmer i parlamentet i Edinburgh, og sidan har ein tidlegare SNP-medlem gått over i SSP-gruppa, så dei er 7.
SSP ønskjer først og fremst å utfordre Tony Blairs Labour Party, men valresultata tyder visstnok så langt på at det er det politisk sentrumsorienterte skotske sjølvstendepartiet SNP som har tapt flest stemmer til SSP.
Den populære partileiaren Tommy Sheridan har nyleg gått av etter eige ønske. Colin Fox er vald til ny leiar for SSP.
Ungdomsorganisasjonen til SSP heiter Scottish Socialist Youth.
SSP gir ut ei vekeavis kalla Scottish Socialist Voice.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.