From Wikipedia, the free encyclopedia
Sara Eva Johnsen (fødd 4. mars 1970 i Oslo) er ein norsk filmregissør og forfattar frå Nes i Ådal.
Sara Eva Johnsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. mars 1970 (54 år) Nes kommune, Oslo |
Yrke | filmregissør, manusforfattar, filmmanuskriptforfatter, skribent |
Ho har utdanning innan litteraturvitskap og media, og tok deretter utdanning frå regilinja på Den norske filmskolen i åra 1997 til 2000.
Johnsen er utdanna filmregissør. Ho debuterte som langfilmregissør i 2005 med den kritikarroste Vinterkyss, norsk kandidat til Oscar og Nordisk Råds filmpris same år.
Den siste filmen hennar er Upperdog som hadde premiere i august 2009. Upperdog hadde eit totalbudsjett på 19 millionar kroner. Upperdog vart kåra til beste norske kinofilm på utdelinga av Amandaprisen i 2010. I tillegg vann Johnsen Amandaprisen for beste regi, av nettopp Upperdog. I alt vart fem prisar vunne av filmen i ulike sjangrar dette året.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.