From Wikipedia, the free encyclopedia
Sanna Charlotte Solberg-Isaksen (fødd 16. juni 1990) er ein norsk handballspelar som sidan 2017 spelar for danske Esbjerg. Ho har i tida 2014-24 vunne tre EM-gull, to VM-gull og eitt OL-gull med det norske landslaget. Pr august 2024 har ho delteke i 213 landskampar og skåra 408 mål. Kantspelaren er tvillingsyster til målvakta Silje Solberg-Østhassel.
Sanna Solberg-Isaksen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. juni 1990 (34 år) Bærum kommune |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2016, Handball under Sommar-OL 2016 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner |
Solberg spelte på Helset IF til 2010, då ho melde overgang til Stabæk IF i den norske toppserien. Sommaren 2014 flytta ho vidare til den suverene noregseinaren Larvik HK. Med Larvik-klubben vann ho NM-gull i 2014 og 2015, og vart seriemeister både i 2015 og 2016. I 2017 skreiv ho kontrakt med det danske topplaget Esbjerg.
I juli 2010 var Solberg med på vinne junior-VM i handball. Same hausten, 21. september 2010, fekk ho sin landslagdebut mot Romania. Under handball-EM 2014 i Ungarn skåra ho mange mål frå venstrekanten, i ein meisterskap der Noreg kleiv til topps etter finalesiger 28-25 over Spania. Året etter var ho også med på det norske laget som vart verdsmeister under VM 2015. Under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro fekk ho auka medaljesamlinga med bronse, etter at Noreg tapte ein jamn semifinale mot Russland og deretter vann klart over Nederland i bronsefinalen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.