Samira Saïd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Samira Abdelrazak Bensaïd[1][a] (fødd 10. januar 1962 i Rabat), profesjonelt kjent som Samira Saïd[b], er ein marokkansk-egyptisk songar som har budd i Egypt sidan 1977 og er kjend for sin musikk innan egyptisk arabisk sjanger.[1] Ho representerte Marokko i Eurovision Song Contest i 1980 og er per dags dato den einaste deltakeren som har representert Marokko, og eit afrikansk land, i konkurransen.
Samira Saïd | |||
![]() | |||
Fødd | 10. januar 1962 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Rabat i Marokko | ||
Fødenamn | Samira Saïd arabisk سميرة سعيد | ||
Opphav | Marokko, Egypt | ||
Aktiv | 1975–i dag | ||
Sjanger | Arabisk musikk og pop | ||
Instrument | Vokal | ||
Plateselskap | MegaStar, Mazzika, EMI Arabia, Alam El Phan, Rotana, Golden Cassette, Moriphone, Sawt El Emarat og Al Forsan | ||
Verka som | Songar, låtskrivar, plateprodusent, skodespelar og entreprenør | ||
Gift med | Hani Mehanna |
Karriere

Samira Bensaïd blei fødd i 1958 i Rabat, Marokko, av ein far frå Rabat og ei mor frå Fez.[2][3] Ho byrja å syngje i ein alder av ni år og blei oppdaga i musikkprogrammet Mawaheb, som blei sendt på marokkansk fjernsyn. Deretter flytta ho til Egypt, der hennar karriere i den arabiske verda tok fart. Ho har dobbelt statsborgarskap i Marokko og Egypt, der ho har budd sidan ho flytta til Kairo i 1977.[4]
Alle albuma hennar er på egyptisk arabisk, men ho har også spelt inn nokre songar på marokkansk-arabisk, som «Kifash Tlakina», «Fayetli sheftek shi marra», «Sarkouh» og «Al Behhara». Blant singlane hennar finn vi «Maghlouba» og «Wa’ady». I 1980 representerte ho heimlandet Marokko i Eurovision Song Contest med songen «Bitaqat Hub», som blei ein hit i Nederland på den tida. Ho enda på 18. plass av 19 deltakarar. Dette var fyrste og førebels einaste gongen at Marokko, og eit afrikansk land, deltok i Eurovision Song Contest. Saïd har spelt inn ei rekkje arabiske hits som har fått stor suksess i Egypt, blant anna «Ben Lef», «Sayidati Sadati», «Malich 3inwan» og “Akher Hawa”. Hun samarbeidde med den egyptiske komponisten Mohamed El Mougi og spelte i filmen Saaktob Ismak Ala Arrimal, der ho framførte «Yadamiiti Haddi». Andre kjende songar inkluderer «Lilet El Ouns», «Ech Gab Li Gab», «Amrak Aagib» og «Menghir Sabab».
I 2000 ga Saïd ut songen «Lilah Habeebee», tittelsporet frå albumet, som vann prisen for beste musikkvideo i den arabiske verda under Cairo Arabic Music Festival i 2001. Under World Music Awards i 2003 vann Said ein pris basert på verdsomspennande salstal. Ho vann også BBC’s World Music Award for beste artist i Midtausten med albumet Youm Wara Youm og har mottatt over 40 prisar i løpet av sin karriere.[5][6][7][8]
Mottaking
Musikkeksperten Halina Hopkins skildra Said som «eit symbol på transnasjonalitet gjennom hennar rørsler mellom Marokko og Egypt, i tillegg til dei ulike prisane og showa ho har motteke og delteke i som ein representant for det arabiske musikkmiljøet.»[9]
I 2003 blei Saïd kåra til den beste songaren i Midtausten av BBC Radio 3 Awards for World Music.[10] Ho vann Rabab D’or-prisen under Tétouan’s Voix des Femmes Festival i 2008 og mottok Murex d’Or-prisen i 2009.[11][12]
På Timitar-festivalen i Agadir i 2009 opptredde Saïd framfor eit publikum på 100 000 menneske.[13] I 2011 blei ho heidra under Beirut International Award Festival (BIAF), saman med fleire arabiske og internasjonale artistar.[14][15]
Saïd har både fått ros og kritikk for å bringe arabisk musikk inn i ein meir popdriven og kommersiell retning i det 21. århundret.[16]
Ifølgje den egyptiske avisa Al-ʾAhrām har albuma til Saïd solgt over 60 millionar eksemplar. Albumet Aweeny Beek er det mest selde arabiske albumet nokonsinne, med over 10 millionar selde eksemplar sidan utgjevinga i 2004.[8][17][18]
Musikalsk stil

Halina Hopkins uttala at «ein av grunnane til at musikken til Saïd er så populær, er den tonale venleiken i stemmen hennar i kombinasjon med instrumenteringa. Den sentrale rolla til stemmen spegler hennar personlege innverknad i sitt arbeid».[9]
Privatliv
Frå 1988 til 1994 var Saïd gift med den egyptiske musikeren Hany Mehanna. Seinare gifta hun seg med forretningsmannen Mustafa Naboulsy, og saman har dei sonen Shady.[19]
I fleire intervju har Said uttrykt eit ønske om å returnere til Marokko og bu nær familien og sine kjære.[20]
Filantropi og humanitært arbeid
Saïd har arrangert konsertar for å samle menneskr etter opptøyane i innvandrarsamfunna i Frankrike i 2006 og for å fremje solidaritet mellom ulike trusretningar.[21][22][23]
Merknadar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.