Samir Qasir, òg skrive Samir Kassir (5. mai 1960–2. juni 2005), var ein libanesisk-fødd lærar og journalist av kristen bakgrunn. Han underviste ved Universitetet i Paris I: Panthéon-Sorbonne og ved St. Josefsuniversitetet i Beirut. I den libanesiske avisa al-Nahar, der han var førstesidespaltist, såvel som i ymse europeiske media, tala han sterkt for demokrati i Libanon, og han var ein vidkjend kritikar av Syria si rolle i Libanon. Som ein av grunnleggjarane av den demokratiske venstrerørsla i Libanon spela han ei viktig rolle under dei anti-syriske demonstrasjonane etter mordet på tidlegare statsminister Rafiq Hariri. I tillegg gjekk han inn for at dei syriske troppane måtte trekkje seg ut av Libanon.
Samir Qasir | |
Verkeleg namn | سمير قصير |
Statsborgarskap | Libanon |
Fødd | 5. mai 1960 Ashrafieh |
Død | |
Yrke | politikar, journalist, skribent, universitetslærar, historikar |
Organisasjon | Université Saint-Joseph |
Politisk parti | Democratic Left Movement |
Religion | Den ortodokse kirke i Antiokia |
Ektefelle | Giselle Khoury |
Prisar | Index Award |
Samir Qasir på Commons |
Samir Qasir vart snikmyrda av ukjende personar med hjelp av ei bilbombe ved heimen sin i den hovudsakleg kristne bydelen Ashrafiyeh i Beirut den 2. juni 2005, få dagar etter det libaneiske valet.[1][2] Sidan han hadde fått ei rekkje trugsmål frå libanesiske og syriske etterretningsoffiserar, meinte mange libanesarar at mordarane hans kom frå det libanesisk-syriske tryggleiksapparatet eller restar etter denne organisasjonen.[3]
Verk
- 2003: Histoire de Beyrouth
- 2004: Considérations sur le malheur arabe
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.