tjuende bok i Bibelen, omfatter 31 kapitler From Wikipedia, the free encyclopedia
Salomos ordtøke er ei bok i Det gamle testamentet. Boka samlar israelittaranes fond av folkeleg visdom. Samlinga har neppe direkte tilknyting til kong Salomo, men han må ha vore ein velyndar av slik dikting.
Refs ikkje spottaren, for då vil han hata deg, refs heller den vise, så elskar han deg. |
Som ein gullring i eit grisetryne er ei fager kvinne utan vit. |
Boka kan delast i fem delar:
Først ein tale som er skriven som ei formaning frå ein far til ein son. (Kap. 1-9)[1]
Så ei rad med fyndord av ymse slag. (Kap. 10-24)[2]
Så følgjer ei rad med ordtøke som skal vere etter Salomo, samla i regjeringstida til kong Hiskia. (Kap. 25-29)[3]
Til slutt følgjer ordtøka som vert tilskrivne Agur (Kap. 30)[4] og Lemuel (Kap. 31).[5] Desse to delane skil seg ut frå stilen i resten av boka.
Betre er lite med rettferd enn stor vinning med urett. |
Dei to eldste delane av boka er kapittel 10-22 og 25-29. Dei må ha vorte til under det israelske kongedømet, omkring år 700 f.Kr, men sidan dette er samlingar av ordtøke som kan ha vore i bruk i lang tid, kan mange av ordtøka vere mykje eldre enn dette. Ordtøka har ei form som tyder på at dei har vore utveksla mellom intellektuelle. Dei har vore påverka av den breie visdomstradisjonen i Det nære austen. Ordtøka 22.17-23.12[6] syner direkte tilknyting til den egyptiske visdomsboka som er tilskriven Amenmope.
Ordtøka er sterkt opptatt av familieetikken, som er patriarkalsk med tydeleg påverknad av Jahve-religionen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.