From Wikipedia, the free encyclopedia
Roland Brückner (fødd 14. desember 1955) er ein tysk tidlegare turnar frå Köthen som representerte Aust-Tyskland. Åra 1979-81 vart han fyrst verdsmeister, så olympisk meister og til sist europameister, alt i frittståande.
Roland Brückner | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 14. desember 1955 (68 år) Köthen |
Idrett | turn |
Tok del i | gymnastics at the 1976 Summer Olympics – men's artistic team all-around, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – men's artistic team all-around, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – men's vault |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i gull |
Brückner fekk bronsemedaljar med Aust-Tyskland i lagkampen ved Sommar-OL 1976 og Turn-VM 1978. I Turn-VM 1979 i Fort Worth delte han fyrsteplassen i frittståande med Kurt Thomas frå USA, begge fekk 2 x 9,90 i karakter. Under Sommar-OL 1980 i Moskva vann Brückner ein ny gullmedalje i frittståande, dessutan fekk han med seg tre bronsemedaljar; i hopp, skranke og lagkamp. Året etter vann han frittståande i europameisterskapen i Roma. Han deltok ikkje i Sommar-OL 1984, då Aust-Tyskland boikotta leikane i Los Angeles.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.