Renée Zellweger
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Renée Kathleen Zellweger (fødd 25. april 1969) er ein amerikansk skodespelar og filmprodusent. Zellweger blei først vidkjend for rolla si i filmen Jerry Maguire (1996), og fekk deretter to nomineringar for Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Bridget Jones i komedien Bridget Jones' dagbok (2001) og som Roxie Hart i musikalen Chicago (2002). Ho vann Oscar for beste kvinnelege birolle for rolla si i dramaet Cold Mountain (2003).
Zellweger har vunne tre Golden Globe-prisar og tre Screen Actors Guild Awards. Ho blei utnemnd til årets kvinne av Hasty Pudding i 2009,[1] og etablerte seg som ein av dei best betalte skodespelarane i Hollywood på 2000-talet.[2]
Remove ads
Biografi
Mor til Zellweger, Kjellfrid Irene Andreassen, voks opp på Ekkerøy ved Vadsø i Finnmark.[3] Ho møtte sveitsiske Emil Zellweger på Hurtigruten, og dei gifta seg i 1963.[3] Dei fekk sonen Drew i 1967, og Renée blei fødd i 1969 då dei budde i Baytown i Texas.[4] Den sterke norske aksenten til mora gjorde at Renée òg snakka med aksent, noko ho blei mobba for som liten. Ho skifta til brei Texas-aksent som niåring, då familien flytta til byen Katy utanfor Houston i Texas.[5]
9. mai 2005 gifta Renée seg med den amerikanske countryartisten Kenny Chesney. I september same året søkte dei om å få ekteskapet annullert, etter berre fire månader som ektefolk.[6]
Remove ads
Karriere som skodespelar
Zellweger slo gjennom i 1996 med filmen Jerry Maguire. Sidan har ho hatt fleire store roller i Hollywood, blant anna Jeg, meg og Irene og Bridget Jones' Dagbok, sistnemnde fekk ho ein oscarnominasjon for. Ho var òg med i suksessfilmen Chicago som fekk fleire oscarprisar. Ho blei etterkvart ein av dei best betalte skodespelarane i Hollywood. For rolla som Ruby Thewes i filmen Cold Mountain vann ho ein Oscar for beste kvinnelege birolle. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.
Zellweger har òg vore med å produsera to filmar, Miss Potter (2006), og Living Proof (2008).
Remove ads
Filmar
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
