Ragnhild Lorentzen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ragnhild Alexandra Lorentzen Long (fødd 8. mai 1968) er det yngste barnet til Prinsesse Ragnhild og Erling Lorentzen. Ho blei fødd og voks opp i Rio de Janeiro, studerte journalistikk i San Francisco, og er i dag busett der. Ho har butt eitt år i Noreg.

Kjappe fakta Fødd, Hus eller slekt ...
Lukk

Ettersom ho nedstammar frå Sophia av Hannover, stod ho på arvelista til den britiske trona. I samband med gulljubiléet til dronning Elizabeth i 2002 ville den britiske avisa The Guardian intervjua dronninga, og då ho avslo den næraste til å arva trona. Etter at heile den britiske kongefamilien hadde sagt nei fekk dei endeleg snakka med Ragnhild, som då var nummer 66 på arvelista.

I november 2003 gifta Lorentzen seg med irsk-amerikanaren Aaron Matthew Long. Ettersom han er katolikk blei ho ekskludert frå den britiske tronfylgja.

Ragnhild Lorentzen Long driv i dag fleire restaurantbarar i San Francisco.

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.