norsk journalist From Wikipedia, the free encyclopedia
Ragnar Leif Ulstein (fødd 19. april 1920 i Ulstein på Sunnmøre, død 3. desember 2019) var ein norsk journalist og forfattar. Han tok eksamen artium i Volda i 1940. Under andre verdskrigen, i juni 1941, reiste han til Shetland i ein fiskebåt saman med 16 andre. Han var ein av dei første som kom med i Kompani Linge, tok befalsutdanning, og vart telegrafist. I desember 1941 var han med under landgangen i Reine i Lofoten. På slutten av krigen var han i Noreg som instruktør for Milorgstyrkane i Sogn og Fjordane.
Ragnar Ulstein | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. april 1920 Ulstein kommune |
Død |
3. desember 2019 (99 år) |
Yrke | journalist, skribent, motstandskjempar |
Politisk parti | Venstre |
Medlem av | Kompani Linge |
Prisar | Den britiske militærmedaljen, Kongens fortenestmedalje, Haakon VIIs 70 års medalje, Møre og Romsdal fylkes kulturpris, Deltakarmedaljen, Forsvarets heiderskross, Hirschfeldtprisen |
Etter krigen var Ulstein velferdsoffiser i Tysklandsbrigaden. Han var medforfattar til soga om Kompani Linge. Han var redaktør for Filmavisen. Seinare har han vore journalist i Bergens Tidende og i Sunnmørsposten.
Ragnar Ulstein skreiv fleire arbeidskrevjande bøker om tilhøva under krigen, mellom dei Englandsfarten, Svensketrafikken og Etterretningstjenesten i Norge 1940–1945. Han skreiv òg romanar med innhald frå verdskrigen.
Ulstein arbeidde òg for å forbetre kåra til krigsinvalide.
I 1972 vart Ragnar Ulstein utnemnd til Statsstipendiat
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.