Røyrleggjar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Røyrleggjar er ein fagutdanna handverkar som monterer, reparerer og held ved like varme-, ventilasjons- og sanitærsystem i bygningar, skip, fabrikkar og så bortetter, der røyr av ulike slag utgjer leidningsnettet. Røyrleggjarar installerer vass- og avløpsleidningar, monterer leidningsnett, utstyr og armatur (vasskranar og liknande) i sanitærinstallasjonar, installerer leidningsnett, utstyr og armatur i slike oppvarmingssystem som nyttar varmt vatn, monterer gass-, sprinklar-, trykkluft- og isvass-opplegg og liknande. Då røyrinstallasjonar òg kan liggje i sjø, er det mogleg å kombinere arbeidet som røyrleggjar med arbeidet som yrkesdykkar.



Det gjeld strenge lover og føresegner for røyrleggjarfaget for å unngå ulukker, skader og tap på grunn av feil i installasjonane. Krava til dei faglige kunnskapane hjå røyrleggjarar er difor høge.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.