Røykomn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Røykomn

Røykomn er ein eldstad for oppvarming av ei røykstove. Dei står som regel i hjørnet av rommet og er oppmura av gråstein og leir. Opninga ut mot rommet er som oftast like brei som brennkammeret innanfor. Røykomnen har ikkje skorstein eller pipe, men slepper røyken fritt ut i opphaldsrommet og vidare ut i friluft via ljore i taket.

Thumb
Røykomn i stove frå Nes på Varaldsøy, Hordaland, står no på Norsk Folkemuseum.
Foto: Norsk Folkemuseum

I Noreg blei røykomnen fyrst vanleg i byane, blant anna Bergen. Ifølge Arne Lie Christensen var mangel på brensle ein del av forklaringa på innføring av røykomn: Desse omnane magasinerer varmen slik det ofte var tilstrekkelig å fyra opp to gongar om dagen. På 1600- og 1700-talet blei røykomnen vanleg på bygdene på Vestlandet. Christensen meiner avskoging av Vestlandet etter innføring av oppgangssag og stor trelasteksport kan vera ein del av forklaringa.[1]

Seinare utvikling

På siste halvdel av 1800-talet blei røykomnane etterkvart erstatta med blant anna støpyejernsomnar.[2] Nokre røykomnar fekk skorstein og blei ombygde til det som er kalla kåpeomn.

Røykstovene var i bruk så lenge at nokre av dei siste kunne flyttast til dei fyrste friluftsmusea på byrjinga av 1900-talet i autentisk stand.

Kjelder

Litteratur

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.