norsk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Rønnaug Kleiva (fødd 30. november 1951)[1] er ein norsk forfattar og dramatikar fødd på Vartdal på Sunnmøre.
Rønnaug Kleiva | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. november 1951 (72 år) |
Yrke | Forfattar |
Periode | 1985- |
Debut | Animasjon |
Ho debuterte med diktsamlinga Animasjon i 1985 og har sidan gitt ut 29 bøker i ymse sjangrar for vaksne og barn. Ho er representert i ei rekke antologiar og norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Bøkene hennar er omsette til gresk, dansk, svensk, serbisk og russisk. Ho er også representert i antologiar på tysk, bosnisk og tsjekkisk.
Kleiva var festspeldiktar ved Vinterfestspillene i Bergstaden i 2001 og har motteke fleire prisar for bøkene sine. For boka Ikkje gløym å klappe katten fekk ho både Kritikarprisen for barnebøker og Kulturdepartements barnelitteraturpris i 1997. Rønnaug Kleiva var og festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela i 2010.
Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskule, idrett grunnfag og norsk mellomfag og har arbeidd som lærar i 15 år. Ho har også teke forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark i Bø.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.