From Wikipedia, the free encyclopedia
Provinsen Cremona (italiensk Provincia di Cremona) er ein provins i regionen Lombardia i Italia. Hovudstaden er byen Cremona. Han har eit areal på 1 771 km² og totalt 335 950 innbyggjarar (2001). Det er 115 kommunar i provinsen.
Nasjon | Italia |
Region | Lombardia |
Hovudstad | Cremona |
Areal | 1 771 km² |
Folketal (2001) | 335 950 |
Folketettleik | 190/km² |
Kommunar | 115 |
Bilnummer | CR |
Postnummer | 26100, 26010-26049 |
Retningsnummer (tlf) | 0372, 0373, 0374, 0375, 0363 |
President | Giuseppe Torchio |
Plasseringa til Cremona i Italia |
Elva Po, som er den lengste elva i Italia, er ei naturleg grense til provinsen Piacenza, medan elva Oglio dannar grensa til provinsen Brescia.
Provinsen dekkjer dei sentrale områda av Posletta, så heile provinsen er flat utan fjell eller åsar, og vert kryssa av fleire elvar, som Serio og Adda, og kunstige kanalar, som hovudsakleg vert nytta til kunstig vatning.
Dei største kommunane i provinsen er (tal frå 2005):
Hovudnæringa i Cremona er jordbruk (hovudsakleg mais, lokalt kalla Melegot, og bygg, men òg soyabønner og sukkerroer). Industrien er forholdsvis utvikla, hovudsakleg i nord nær Crema, der ein finn fabrikkar som produserer tekstilar, kjemikaliar og maskineri.
Byen Cremona og det omliggande området er begge kjend for matspesialitetar som nugatt (it. torrone) og sennep.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.