From Wikipedia, the free encyclopedia
Poznań (ⓘ, tysk Posen, latin Posnania) er ein by vest i sentrale område av Polen med om lag 570 000 innbyggjarar (2006). Han ligg ved elva Warta og er ein av dei eldste byane i Polen og er eit viktig historisk senter og eit senter for handel, industri og utdanning. Poznań er den femte største byen i landet og det fjerde største industrielle senteret. Han er òg hovudstad i Storpolske voivodskap.
Poznań | |||||
---|---|---|---|---|---|
Gamleplassen | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
Polen Storpolske voivodskap | ||||
Grunnlagd Byrettar |
700-talet 1253 | ||||
Borgarmeister | Ryszard Grobelny | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
261,85 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2014) - Byområde |
546 829 855 894 | ||||
Koordinatar | 52°24′0″N 16°55′0″E | ||||
Høgd over havet | 60-154 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 60-010 til 61-890 | ||||
Telefon-retningsnummer | +48 61 | ||||
Bilnummer | PO | ||||
Nettstad: www.poznan.pl |
Domkyrkja er den eldste i landet og inneheld graver for dei første polske herskarane, hertug Mieszko I, Kong Bolesław den modige, kong Mieszko II, hertug Kasimir I, hertug Przemysł I, og kong Przemysł II.
Mieszko I, den første kjende hertugen over polakkane, bygde ei av borgene sine i Poznań. St. Peter og Pauluskyrkja er den eldste polske katedralen og bygginga av ho starta i Poznań på siste halvdel av 900-talet. Byen vart etter kvart hovudstad i Storpolen. Son til Mieszko I, Bolesław den modige, vart krona til konge i 1025 og Kongedømet Polen vart oppretta. Storpolen vart starten på den polske staten og både Mieszko I og Bolesław I er gravlagd i Poznań. Lubrańskiakademiet, det andre polske universitetet, vart oppretta i 1519.
Poznań var hovudstad i Storpolen fram til det kom inn under Preussen i 1793 og det administrative området vart kalla Sør-Preussen. Under det storpolske opprøret i 1806 gjorde lokale polske motstandsfolk opprør og assisterte på den måten Napoleon med å drive ut dei prøyssiske styrkane. Byen vart då ein del av Hertugdømet Warszawa i 1807 og hovudstad i Poznań department. Napoleon sitt tap førte til Wienerkongressen der landegrensene i Europa vart teikna opp att av sigerherrane. Storpolen gjekk tilbake til Preussen og byen vart hovudstad i autonome Storhertugdømet Posen. Frå revolusjonane i 1848 og framover vart Poznań hovudstaden i den prøyssiske provinsen Posen. Han vart ein del av Det tyske riket under samlinga av Tyskland i 1871.
Kort tid etter Det tyske riket sitt tap i den første verdskrigen oppstod det store polske opprøret i 1918-1919, noko som førte til opprettinga av Den andre polske republikken, der Poznań vart hovudstad i Poznań voivodskap. Under den andre verdskrigen leid Polen under okkupasjonen til Nazi-Tyskland og den jødiske og etnisk polske folkesetnaden vart deportert eller send i konsentrasjonsleirar. I 1945 vart byen erklært ein Festung (ein festningsstad som dei tyske styrkane skulle forsvare til det siste) etter orde frå Hitler. Sidan Poznań låg langs den direkte ruta frå Warszawa til Berlin, omleira Den raude arméen byen og slo ut tyskarane under åtaket på Cytadela (citadellen), noko som førte til store skader på byen. Etterpå var det tyskarane sin tur å bli deporterte, og polakkane kunne fare heim att. Etter krigen har Poznań vore hovudstad for dei omliggande områda og sidan 1999 i Storpolske voivodskap.
Antikommunistiske protestar i 1956 spelte ei viktig rolle i frigjeringa frå kommunistregimet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.