From Wikipedia, the free encyclopedia
Porselenskrabbar (Porcellanidae) er ei gruppe anumore krepsdyr som lever i temperert og varmt vatn langs kystar over heile verda. Dei er den anomuregruppa som liknar mest på krabbar, men kan skiljast frå desse på at dei har lange antenner og har fått redusert det femte beinparet sitt markant. Dette vert nytta til å reinska gjellekammeret. Porselenskrabbar skil seg frå trollhummarar og trollkrabbar ved å mangla pannehorn og piggar på skalet.
Porselenskrabbar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Krepsdyr Crustacea |
Klasse: | Storkreps Malacostraca |
Orden: | Tifotkreps Decapoda |
Underorden: | Eggberereker Pleocyemata |
Infraorden: | Anomurar Anomura |
Familie: | Porselenskrabbar Porcellanidae Haworth, 1825 |
Porselenskrabbar er vanlegvis små, og oppnår sjeldan lengder over 2 cm. Namnet sitt har dei fått sidan dei er så «skjøre», det vil seie at dei har ein tendens til å fella lemmar når dei vert angripne. Denne taktikken lønner seg; ofte kan eit brote bein halda fram å røra seg lenge nok til at dyret kjem seg i tryggleik. Brotne lemmar veks ut att i løpet av eit par skalskifte.
Det er registrert 21 slekter porselenskrabbe. Arten Pisidia longicornis er relativt vanleg langs norskekysten.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.