From Wikipedia, the free encyclopedia
Polititroppene, på folkemunne ofte kalla Reservepolitiet, var ein norsk paramilitær organisasjon i Sverige under andre verdskrig. Nærare 15 000 norske flyktningar var innrullert i Polititroppene, som vart sett inn i teneste ved frigjeringa av Noreg etter krigen.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Polititroppene på 13 000 mann, var ei politistyrke på 1 500 mann som òg vart opptrent i Sverige og som i overgangsperioden etter krigen skulle løysa vanskelege ordensoppgåver og danna stammen i ein ny politietat.
Etter det nasjonalsosialistiske Tysklands angrep på Noreg 9. april 1940, vart den norske hæren tvinga til å kapitulera 7. juni. Det militære utstyret vart då overteke av tyskarane, bortsedd frå det vesle som dei norske flyktningane fekk med seg til integreringsleirene i Sverige.
Under krigen flykta 50-60 000 norske menn og kvinner til det nøytrale Sverige. Blant desse flyktningane vart det rekruttert, utdanna og utrusta ein heilt ny norsk hær. Ved slutten til krigen omfatta styrkane omkring 13 500 mann klåre til innsats på divisjonsnivå og endå nokon tusen som var under opplæring. Detta vart gjennomført etter ei avtale mellom den norske eksilregjeringa i England og den svenske samlingsregjeringa under statsminister Per-Albin Hansson.
Fordi det å oppretta utanlandske kampstyrkar i Sverige stod i strid med den nøytralitetsfråsegna som Sverige hadde gjeve ved krigsutbrotet mellom Tyskland og dei allierte vestmaktene i september 1939, vart det lagt ned ein stor innsats på å skjula det verkelege føremålet med organiseringa og omfanget av arbeidet.
Frå 12. januar 1945 deltok politistyrkane frigjeringa av Aust-Finnmark. I mai same år vart mannskapa, med forsyningar fór omkring éin månad, overført til Noreg for å hjelpa til med lov og orden etter Frigjeringsdagen og arrestera tyskarar og dei som hadde samarbeidd med den tyske okkupasjonsmakta.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.