planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Salat (Lactuca) er ei planteslekt i korgplantefamilien som inneheld rundt 100 artar. Dei fleste veks i tempererte strøk på den nordlege halvkula. I slekta finst annan hagesalat (Lactuca sativa) som har mange varietetar, som hovudsalat (Lactuca sativa var. capitata).
Salatslekta | |
Lactuca tuberosa | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Cichorioideae |
Stamme: | Cichorieae |
Slekt: | Salatslekta Lactuca L., 1753 |
Ordet «salat» kjem via tysk frå italiensk (in)salata, 'rett tilreidd med salt'. Det vitskaplege namnet Lactuca kjem frå latin lac, 'mjølk', og viser til den mjølkeaktige plantesafta.
Noreg hadde opphavleg éin viltveksande salatart, sibirturt (L. sibirica). Taggsalat (L. serriola) er utbreidd i Sør- og Mellom-Europa og finst av og til på avfallsplassar i Noreg. Artar som også kan reknast til slekta er turt (Cicerbita alpina) og skogsalat (Mycelis muralis)
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.