Periferieininga Lárisa

From Wikipedia, the free encyclopedia

Periferieininga Lárisa

Periferieininga Lárisa (gresk Περιφερειακή ενότητα Λαρίσας, Periferiakí enótita Larísas) er ei periferieining i Hellas i periferien Thessalía.[2] Hovudstaden i periferieininga er byen Lárisa. Periferieininga vart oppretta som eit prefektur i 1881 etter krigen då Thessalía vart ein del av Hellas. Fram til 1947 inkluderte prefekturet Magnisía.

Meir informasjon Periferieininga Lárisa Περιφερειακή ενότητα Λαρίσας ...
Periferieininga Lárisa
Περιφερειακή ενότητα Λαρίσας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
PeriferiThessalía
HovudstadLárisa
Folketal268 963 (2021[1])
Areal5 381 km²
Folketettleik50/km²
Kommunar7
Postnummer40x xx - 41x xx
Retningsnummer249x0, 2410
BilnummerPI
Heimesidewww.na-lar.gr
Lukk

Administrativ inndeling

Tidlegare var Lárisa eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i sju kommunar.[2]

Meir informasjon Periferieining, Kommune ...
PeriferieiningKommuneTidlegare
kommune
PostnummerRetningsnr
LárisaElassónaElassóna402 0024930-2
Livádi400 0224930-41
Andikhásia400 0124930-51
Ólymbos4020024930-61
Potamiá401 0024920-91
Sarandáporo402 0024930-93
Verdikoúsa400 0524920-81
Karyá402 0024920-91
Tsaritsáni402 00
TýrnavosTýrnavos401 0024920-2
Ambelónas404 0024920-31
TémbiKáto Ólymbos400 0724950-4
Makrykhóri400 0624950-2
Gónni400 0424950-31
Néssonas400 0624950-51
Ambelákia400 0424950-93
AjáAjá400 0324940-2
Lakéria400 0324940-71
Evryménes400 0724950-91
Melívia400 0324940-51
LárisaLárisa410 til 4142410 - 2 til 6
Jánnouli415 002410-59
Kiláda415 002410-81
KilelérKilelér415 002410-73
Níkea415 002410-9
Krannónas415 002410-75
Platýkambos400 092410-54 og 97
Arménio415 002410-7
FársalaFársala403 0024910-2
Enippéas403 0024910-71
Nartháki403 0024910-93
Polydámandas403 0024910-9
Lukk

Geografi

Lárisa er den nest største periferieininga i Hellas, og berre Etoloakarnanía er større. I Lárisa ligg mellom anna Témbidalen og den nordaustlege delen av elva Piniós. Det høgaste fjellet i Hellas, Ólymbos, ligg delvis i periferieininga og har ei høgd på 2 917 moh. Klimaet er meir kontinentalt enn nokon annan stad i Hellas, men lågareliggande område har middelhavsklima med tørre og varme somrar og milde til kjølige vintrar. Temperaturrekorden i periferieininga er 45,2 °C på det varmaste og -21,6 °C på det kaldaste. Lárisa er ofte det varmaste området i Hellas om sommaren, og det kaldaste om vinteren.

Det grensar til Kozáni i nordvest, Piería i nordaust (begge i Makedonia), Egearhavet i aust, Magnisía i søraust, Fthiótida i sør, Kardítsa i sørvest og Tríkala i vest. Sørlege, nordlege og nordvestlege område er skogkledd, medan Den thessaliske sletta dekkjer sentrale område.

Historie

Området rundt Lárisa var heimstad til pelasgianarane fram til det vart ein del av gresk kultur. Området vart invadert og styrt av Kongedømet Makedonia eit par hundreår seinare. Etter kvart tok Romarriket over etter den tredje makedonske krigen og mykje seinare vart det ein del av Austromarriket. På 1400-talet erobra Det osmanske riket området. Under den greske sjølvstendekrigen i 1821 prøvde grekarane å frigje området, men dei vart verande under osmanarane. Først i 1881 vart Lárisa og resten av Thessalía ein del av Hellas. Dei nordlege områda, inkludert Týrnavos, Elassóna, Sarandáporo, Témbidalen og Ólymbos vart ikkje invadert før balkankrigane i 1913. Eit av dei mest kjende slaga i krigane var slaget ved Sarandáporo der grekarane slo tyrkarane og enda femhundre år med tyrkisk undertrykking. Heile periferieininga vart då omsider gresk.

Under den gresk-tyrkiske krigen i 1920-1922 kom flyktningar til periferieininga og danna fleire landsbyar her. Nokre av desse voks opp til å verte byar.

Klima

Periferieininga har hovudsakleg middelhavsklima med varme somrar og milde vintrar. Temperert klima finn ein i høgareliggande område, og i fjella er det vanleg med snø om vinteren.

Byar og tettstader

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Meir informasjon Tettstad, Kommune ...
TettstadKommuneFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
LárisaLárisa144 651146 377
TýrnavosTýrnavos11 06910 027
FársalaFársala9 2988 978
JánnouliLárisa7 8858 160
ElassónaElassóna7 3387 182
AmbelónasTýrnavos6 0835 590
FálannaLárisa3 9873 823
NíkeaKilelér3 8763 332
AjáAjá3 1693 013
LivádiElassóna2 2442 079
TerpsithéaLárisa1 9921 967
SykoúrioTémbi2 3161 883
GónniTémbi1 9091 682
PlatýkambosKilelér1 8041 603
MakrykhóriTémbi1 6151 591
KhálkiKilelér1 8051 554
TsaritsániElassóna2 0401 519
PyrjetósTémbi1 4631 373
KranéaElassóna2 6911 346
ArgyropoúliTýrnavos1 6671 302
DamásiTýrnavos1 3801 164
KritíriTýrnavos1 4151 096
VerdikoúsaElassóna1 8121 038
GalíniKilelér1 030952
Lukk

Referansar

Kjelde

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.