From Wikipedia, the free encyclopedia
Penitentes eller penitentar (spansk nieves penitentes: 'pønitent snø') er ein type snøformasjon som finst på høge fjellplatå. Penitentar er pyramide- eller kjegleforma snø eller bredeis som er vorte danna ved selektiv smelting og fordunsting på grunn av solstråling.[1]
Fenomenet har namnet sitt frå likskapen det har med ei folkemengd av knelande menneske som gjer pønitens. Snøformasjonen liknar dei høge, kvasse hattane som personar av religiøse ordenar brukar i botsprosesjonen under den spanske heilage veka.
Denne type snøformasjon finst over alle is- og snødekte område i dei turre Andesfjella over 4000 meter.[2][3][4] Penitentar varierer alt frå nokre centimeter til over fem meter i høgde.[4][5] Penitentar finst ikkje i Noreg eller på høge breiddegradar.[1]
Penitentes var fyrste gong skildra i eit av verka til Charles Darwin i 1839.[6] Den 22. mars 1835 måtte han passsera eit slikt penitente-område nær Piuquenes-passet, på veg frå Santiago de Chile til Mendoza i Argentina, og rapporterte om den lokale trua om korso fenomenet oppstod: igjennom sterk vind i Andesfjella.
Penitentar er avlange, tynne skiver av hardna snø eller is, som er attmed kvarandre, og peikar mot den generelle retninga til sola.[7] Når sola treffer snøen fordampar han utan å smelta til væske fyrst, såkalla sublimasjon. Det som opphavleg var ei glatt snøoverflate, utviklar seg til å få fordjupingar i dei områda der snøen sublimerast snøggare. Desse skardete områda konsentrerer solljoset ytterlegare, noko som bidreg til å setja opp farten på prosessen. Resultatet vert isete snøtaggar.[8]
Glasiologen Louis Lliboutry la merke til at den viktigaste klimatiske årsaka bak den varierande ablasjonen som lagar penitentane er eit doggpunkt som held seg under frysepunktet. Dette kombinert med turr luft vil få snøen til å sublimera. Ein matematisk modell på denne prosessen er vorte laga av Betterton,[9] men den fysiske prosessen i startfasen av penitente-danninga, frå snøfjom til mikropenitentar, er enda uklår. Effekten av penitentar på energibalansen til snøoverflata, og difor effekten deira på snøsmelting og vassressursar er også studert.[10][11]
Penitentar opptil 15 meter høge vert sagt å finna stad på Jupitermånen Europa.[12][13] Ifylgje ein studie frå 2017, hadde New Horizons til NASA oppdaga penitentar på Pluto, i eit område ved namnet Tartarus Dorsa.[14][15][16]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.