From Wikipedia, the free encyclopedia
Paul Thompson (fødd 13. mai 1951) er ein engelsk trommeslagar, mest kjend som medlem av Roxy Music frå 1971 til 1980 og frå 2001 til i dag. Innimellom periodane med Roxy Music, var han trommeslagar i Oi!-bandet Angelic Upstarts og det amerikanske alternative rockebandet Concrete Blonde.
Paul Thompson | |||
Thompson med Roxy Music, LG Arena i Birmingham, januar 2011 | |||
Fødd | 13. mai 1951 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Newcastle upon Tyne, England | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1970 til i dag | ||
Sjanger | Glamrock, rock, kunstrock | ||
Instrument | Trommer | ||
Tilknytte artistar | Angelic Upstarts, Concrete Blonde, Roxy Music | ||
Plateselskap | Island | ||
Verka som | Musikar |
Thompson voks opp i Jarrow og gjekk på West Simonside Infants and Junior School. Han vart medlem av The Influence med John Miles, og så i Roxy Music i 1971 der han spelte trommer på seks studioalbum, i tillegg til at han spelte med bandkameratane Bryan Ferry, Brian Eno, Andy Mackay og Phil Manzanera på soloalbuma deira, i tillegg til at han turnerte med dei.
I 1980 gjekk Thompson og bandet kvar sine vegar på grunn av «musikalske skilnader», og Thompson spelte med musikarar som Gary Moore, Jonathon Perkins og Concrete Blonde. I 2001 vart han gjenforeint med resten av Roxy Music (utanom Brian Eno, som ikkje ønskte å delta). Han har òg turnert med Bryan Ferry, på Frantic-turneen hans.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.