Pasifaë-gruppa er ei gruppe jupitermånar som truleg har sams opphav. Jupitermånen Pasifaë har gjeve opphav til namnet på gruppa, og er den største medlemen av henne. Alle månane i gruppa har retrograde banar. Det er større uvisse kring medlemskapen til alle månane i gruppa enn for andre grupper jupitermånar. Dette sidan letene til månane ymsar mykje; frå grått til raudt, og dessutan ymsar dei når det kjem til eksentrisitet og banehelling. Særskilt trur ein at Sinope kan vera ein uavhengig asteroide.
Det er er truleg Pasifaë som er opphavet til gruppa, der dei andre medlemene av gruppa er bitar som vart slegne av Pasifaë under ein kollisjon med eit anna objekt. Pasifaë sjølv var truleg ein asteroide som vart fanga inn av Jupiter.
Desse månane vert rekna til gruppa:
Kjelder
- «Pasiphae: Overview» Arkivert 2015-12-07 ved Wayback Machine. - NASA Solar System Exploration
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.