Pascal er eit programmeringspråk utvikla av Niklaus Wirth i 1970. Programmeringspråket er oppkalla etter mattematikaren og filosofen Blaise Pascal. Pascal har vore eit populært nybyrjarspråk for studentar som vil lære strukturert programmering.
Pascal | |||
Utviklar | Niklaus Wirth | ||
---|---|---|---|
Utgjeve | 1970 |
Her er eit enkelt døme på korleis ein bruker Pascal:
program Heiverd(output);
begin writeln('Hei, verd!'); readln {Vent på linjeskift frå brukar} end.
Som ein kan sjå ut i frå eksempelet ovanfor startar programmet med komandoen program som ikkje gjer stort anna enn å beskrive for brukaren kva programmet gjer, kommandoen er ikkje naudsynt. Kommandoen begin fortel at det er her programmet byrjar, medan end fortel at programmet no er slutt. I Pascal er begge naudsynt. Merk at Pascal hoppar over det som er skriven i klammeteikn, dette er programmerarens eigne kommentarar, slik at andre lettare kan studere kjeldekoda og forstå kva som skjer.
Kompilatorar
Turbo Pascal
På 80-talet og byrjinga av 90-talet var Turbo Pascal frå Borland den mest kjende varianten av Pascal, nær de facto standard, etter di det hadde gode verktøy og særs kjapp kompileringstid. Turbo Pascal kunne kompilere, køyre og avluse program rett i minnet utan diskaksess. Borland har seinare lagt ut TP 5.5 ut på heimesidene sine for gratis nedlasting.
Free Pascal
Free Pascal er ein kompilator som er gjeven ut under GPL lisensen. FP støttar både Mac,Windows og Linux.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.