Parken

From Wikipedia, the free encyclopedia

Parken

Parken (tidlegare: Københavns Idrætspark eller berre Idrætsparken) på Østerbro i København er det nasjonale fotballstadionet i Danmark og heimestadion for FC København. Sjølve bana målar 105 x 68 m medan lysanlegget er på 1400 lux.

Kjappe fakta Offisielt namn, Adresse ...
Parken
Thumb
Offisielt namnParken
AdresseParken, Øster Allé 50
2100 København Ø
StadKøbenhavn i Danmark
EigarParken Sport & Entertainment
ArkitektGert Andersson
Opna1911
Totalrenovert:
1992
DriftParken Sport & Entertainment
Banestorleik105 x 68 m
UnderlagGras
BrukararFC København
De Rød-Hvide
Kapasitet38 065
Tidlegare namnKøbenhavns Idrætspark
HendingarHeimekampane til FC København
Eurovision Song Contest 2001
Thumb
Parken
55.702469°N 12.572203°E / 55.702469; 12.572203
Lukk

Københavns Idrætspark vart innvia fyrst den 25. mai 1911, men det var ikkje før den 15. november 1990 at det vart sett i gang ei totalrenovering. Stadionet var den nest største byggeplassen i Danmark, berre overgått av Storebæltsambandet, i dei to åra ombygginga fann stad. Banen vart opna igjen den 1. september 1992 under det nye namnet Parken.

Etter ombygginga er det blitt spelt fleire viktige fotballkampar i Parken. Dei mest kjente er finalen i Cupvinnarcupen mellom Arsenal og Parma i 1994 og finalen i UEFA-cupen mellom Arsenal og Galatasaray i 2000. I tillegg er det blitt spelt fleire viktige kvalifiseringskampar av det danske herrelandslaget i fotball.

Det er blitt halde fleire konserter her med store artistar som Depeche Mode, U2, George Michael, Slipknot, Metallica, Michael Jackson, Robbie Williams, The Black Eyed Peas, Bruce Springsteen, Tina Turner og Pet Shop Boys. Parken var arena då Danmark arrangerte Eurovision Song Contest 2001.

Kjelder

Føregangar
Arena for Eurovision Song Contest
2001
Etterfylgjar
Saku Suurhall
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.