From Wikipedia, the free encyclopedia
Pariserhjul (som på fransk ikkje heiter pariserhjul, men grande roue eller roue panoramique) er ein type karusell laga som eit stort, opprett hjul som kan snurra rundt, med korger langs kantane som heng slik at dei held seg beint medan hjulet spinn. Den opphavlege meninga med pariserhjula var å gje passasjerane eit panoramaoversyn over ein by ved at hjulet gjekk rundt i moderat fart, eller jamvel særs langsamt. Vanlegvis står hjulet loddrett, men det finst også pariserhjul som kan leggjast skeivt for ei villare oppleving. Ein skil gjerne mellom tivoli-pariserhjul som er laga for at folk skal mora seg med gyngande gondolar, og observasjonshjul som ein kan sjå ut frå, og som kan ha faste, innelukka gondolar.
Det fyrste eigenlege pariserhjulet vart konstruert av amerikanaren George Ferris til Verdsutstillinga i Chicago i 1893. Hjulet var 75 meter i diameter og hadde 36 gondolar, kvar av dei med plass til 40 menneske. Tidlegare, mindre hjul som blei snurra rundt med menneskekraft er kjende frå Bulgaria alt på 1600-talet.[1]
Seinare har fleire pariserhjul fått plass rundt om i verda. Eit av dei største er Singapore Flyer i Singapore som opna i 2008. Det har ei total høgde på 165 meter. Det erstatta rekorden til Stjerna i Nanchang på 160 meter, og før det London Eye på 135 meter.
Pariserhjul vert på engelsk kalla Ferris wheel etter oppfinnaren. Nemninga «pariserhjul», som vert nytta både i Noreg, Sverige, Danmark og Island, har ukjent opphav. Ordet kan visa til verdsutstillinga i Paris i 1900, der det var ein slik karusell, Grande Roue de Paris («Det store hjulet i Paris»; grande roue er som sagt fransk for pariserhjul, slik riesenrad, «kjempestort hjul», er tysk for pariserhjul). Eller har kan hende ordet «pariserhjul» sin bakgrunn i at den engelske måten å uttale bynamnet Paris på, lett kan føre til at Ferris wheel vert oppfatta slik at det eigenleg er eit Paris wheel det er tale om?
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.