Pakora
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pakora eller pakoda (hindi पकोड़ा, urdu پکوڑا [pakōṛā], pl. पकोड़े [pakōṛē]) er ein indisk matrett som blir laga ved dypping av grønsaker eller kjøt i ei røre av kikertermjøl og frityrkokt i vegetabilsk olje. Grønsakslag som ofte blir bruka til pakora er blomkål, løk, aubergin, tomat, potet og spinat, medan kylling er eit vanleg kjøtslag.

Foto: «Knowledge Seeker
Pakora blir gjerne servert som eit lite snacksmåltid, gjerne saman med indisk te, eller som forrett. Retten er ofte ein del av iftar, kveldsmåltidet der ein bryt ramadan-fasta, for sørasiatiske muslimar.
Dei er også utbreidde som snøggmat i Storbritannia, der dei finst både i indiske restaurantar og i andre matutsal, som kioskar og matbutikkar. I Skottland er det til og med utvikla ein haggis-pakora.
Japansk tempura kan minna litt om pakora, men er mindre krydra.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- Oppskrift på laukpakora (engelsk)
- Oppskrift på kyllingpakora Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine. (engelsk)
Denne matartikkelen som har med India og Pakistan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.