From Wikipedia, the free encyclopedia
Paavo Jaakko Matias Korhonen (5. april 1928–29. september 2019) var ein finsk kombinertrennar frå Joutseno som var aktiv gjennom 1950-talet. Han vart verdsmeister i kombinert under VM 1958 i Lahti. Ein statue av han er reist i heimbyen Joutseno, der han også budde.
Paavo Korhonen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 5. juni 1928 Joutseno |
Død | 29. september 2019 (91 år) |
Idrett | kombinert |
Tok del i | Vinter-OL 1956, Vinter-OL 1952, Vinter-OL 1960, Ski-VM 1958 |
Korhonen vart i 1951 nummer fem og beste utlending i kombinert under Holmenkollrenna. Året etter var han tilbake i Holmenkollen og kom på fjerdeplass i den olympiske kombinerttevlinga under vinter-OL 1952. I Lahti-spelen vart han nummer to i 1952 og nummer tre året etter. Så vann han tevlinga i Lahti i 1954 og kom på tredjeplass både i 1955 og 1956. I 1956 vart han også tredjemann i kombinertrennet i Holmenkollen, i alle dei tre sistnemnde tevlingane hadde han to nordmenn føre seg på resultatlista, med Sverre Stenersen som vinnar i alle tre og med tre ulike nordmenn på andreplass.
Etter å ha kome på 12. plass i verdsmeisterskapen i Falun i 1954 var Korhonen ein av mange utøvarar som kjempa om sølv- og bronsemedaljane under dei olympiske leikane i Cortina d'Ampezzo i 1956. Bak den suverene Sverre Stenersen tevla fem mann om plassar på pallen, i mål hamna Korhonen på fjerdeplassen. Korhonen vart nummer to etter Stenersen i Lahti i 1957. Straks etter vann Korhonen kombinert under Holmenkollrenna på suverent vis, pallen vart også heilfinsk då både Esko Jussila og Pekka Ristola kom framom Sverre Stenersen då poenga vart utrekna.
I verdsmeisterskapen på ski på finsk heimebane i 1958 vann Korhonen gullmedaljen, mindre enn eitt poeng framom Sverre Stenersen. To år seinare vart Korhonen nummer ni i kombinert under vinter-OL i Squaw Valley, før han same sesongen i Holmenkollen atter ein gong vart nummer to etter Sverre Stenersen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.