norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Pål Carsten Sæthrang (10. juni 1945–18. september 2004) var ein fotballspelar frå Oslo som spelte i angrepet til fotballklubben Skeid frå 1963 til 1969. Han var med å vinne cupfinalen i 1963 og i 1965, i 1966 vart han seriemeister. Sæthrang deltok i 6 landskampar i tida mellom 1967 og 1969.
Pål Sæthrang | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. juni 1945 |
Død | 18. september 2004 (59 år) |
Idrett | fotball |
Etter å ha vorte norsk juniormeister med IK Skeid i 1962, var Sæthrang toppskårar då Skeid i 1963-sesongen enda på tredjeplass i 1. divisjon. Sesongen vart avslutta med cupfinale mot Fredrikstad FK på Ullevaal stadion. I det 118. minutt skåra Sæthrang og syrgde for Skeid-triumf 2–1. To år seinare skåra han det andre målet då Skeid vann 2–1 over SK Frigg i NM-finalen 1965. I 1966 vart Skeid seriemeister for fyrste og siste gong. Med sine 10 nettkjenningar var Sæthrang var meisterlaget sin toppskårar.
Etter beinbrot i april 1970 valde Sæthrang å spele på Kvik Halden sitt lag i 3. og 4 divisjon dei to komande åra. Frå 1973 skulle han på ny vere Skeid-spelar, men vedvarande skade-plager gjorde at han la opp.
Sæthrang debuterte på det norske landslaget 24. september 1967. På Ullevaal stadion skåra Danmarks Erik Dyreborg fem gongar i løpet av 25 minutt, utan at Noregs mannskap makta skåra på 90 minutt. Det skulle gå nesten to år før Sæthrangs neste landskamp. Hausten 1969 spelte han 5 landskampar. 21. september skåra han sitt einaste landslagsmål då Noreg slo nettopp Danmark 2–0 på Ullevaal stadion.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.