From Wikipedia, the free encyclopedia
Pål Helge Bang-Hansen (fødd 29. juli 1937 i Oslo, død 25. mars 2010)[1] var ein prisløna norsk skodespelar, regissør, journalist, forfattar og filmkritikar.[2][3]
Pål Bang-Hansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. juli 1937 Oslo |
Død |
25. mars 2010 (72 år) |
Yrke | filmregissør, journalist, skodespelar, manusforfattar, skribent, filmmeldar, programleiar, fjernsynsskodespelar |
Far | Odd Bang-Hansen |
Prisar | Amandakomiteens ærespris, Gullrutens hederspris, Den Spillende Faun |
I meir enn 30 år spela han, ved sidan av arbeidet som filmregissør, ei viktig rolle som formidlar av film gjennom fjernsynet.
Saman med familien budde han i Hammarbyhöjden i Stockholm frå 1943, der han gjekk på barneskule. Då han var busett i Husebygrenda, vart han barnestjerne og opptredde mellom anna mykje med Sverre Udnæs i høyrespela i Barnetimen, med hovudrolla i Mesterdetektiven Blomkvist. Bang-Hansen debuterte på film i Gategutter av Arne Skouen (1949). Etter eit opphald i Italia i åra 1950–1952 fekk han hovudrolla i bokfilmen til faren, Odd Bang-Hansen, Tom og Mette på sporet i 1952. På gymnaset studerte han språk samtidig med Gro Harlem Brundtland og Rolf Presthus, var leiar for Studentersamfundets Teater i 1959, før filmstudiar på regilinja ved Centro Sperimentaledi Cinematografia i Roma frå 1960 til 1962.
Frå 1962 rapporterte han årleg frå Filmfestivalen i Cannes, ofte saman med Arne Hestenes, frå 1968 med base i bustaden hans ved Tovo ved Villa Faraldi i Liguria. Derifrå skreiv han også reise- og matbøker. Som faren vart han kulturjournalist i Arbeiderbladet, og var det frå 1961 til 1967, men er mest kjend frå NRK, der han vart tilsett i 1965 og leidde Filmmagasinet heilt frå 1967 til 1993.
I 1966 gifta han seg og regisserte den fyrste av seks filmar for EMI Produksjon, Skrift i sne (1966) med manus av faren og broren Kjetil Bang-Hansen mellom skodespelarane. Komedien Norske byggeklosser selde bra i 1972. Dei to borna hans, Simen og Bent, var med i Kanarifuglen (1973). Den siste filmen han regisserte, var Kronprinsen, der Bjørn Sundquist vann Filmkritikerprisen 1980.
Andre NRK-program med Bang-Hansen var spørjeleiken Zoom i 1985 og også Lørdagsbilaget same år. I tillegg leidde han På kino i kveld (1990–1992),Oscarfest i Hollywood (1992),[4] og han har hatt innslag i Kulturoperatørene i 1994 og Cinemaskopet med Anne Hoff i 1996. Han leidde Påls briller i 1997, var innom Gydas vei i 1998, og var filmmeldar i Frokost-TV mellom 2003 og 2007. I 2002 laga NRK dokumentaren Pål sine stjerner om han.[5] Dessutan opptredde han sjølvparodisk i Uti vår hage i 2003. Bang-Hansen pensjonerte seg frå NRK i 2007, men heldt fram å skrive manuskript, det siste om XU-jenter frå den andre verdskrigen.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.