Vårmarihandslekta (Orchis) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Vårmarihandslekta

Purpurnøklar
Purpurnøklar

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt:Orchis
Artar i Noreg
Vitskapleg namn
Orchis
Økologi
Utbreiing: Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika

Systematikk

Opphavleg var vårmarihandslekta ei slekt med meir enn 1000 artar på verdsbasis, og med mange artar i Noreg.[2] Etter kvart er mange grupper skilde ut som eigne slekter. Artane med forgreina rotknoll vart først skilde ut til slekta Dactylorchis,[3] seinare Dactylorhiza.[4][5] Seinare er både narrmarihandslekta (Anacamptis, ein art i Noreg) og krutbrennarslekta (Neotinea, ingen artar i Noreg) skilde ut.[6][7][8] På verdsbasis er det no berre eit tjuetalls arter att i slekta,[9] og berre ein art, vårmarihand, er representert i Noreg. Nokre til er å finne elles i Norden.[10][11][12][13][14]

Etymologi

Namnet Orchis kjem frå det greske ordet órkhis (όρχις), som tyder testikkel.

Artar i Noreg

Artsdatabanken opererer med ein art i Noreg:[10]

Arten er på Norsk raudliste for artar (2021) rekna som livskraftig (LC).[15]

I tillegg finst desse artane elles i Norden:

På Dei britiske øyane finst dessutan:

Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.