From Wikipedia, the free encyclopedia
Innan kjemi og partikkelfysikk, er orbital nemninga på dei områda elektronet kan opptre i rundt eit enkelt atom. Tidlegare gjekk ein ut frå at elektrona var partiklar som gjekk i separate baner (en. orbit) rundt atomkjernen på same måte som planetane krinsar rundt sola. Men i kvantemekanikken som skildrar bølge-partikkel-dualiteten til materien, kan partiklar på dette nivået ikkje sjåast som distinkt avgrensa fysiske gjenstandar. I staden vert dei skildra som ei elektronsky med ei romleg fordeling som viser sannsynet for utstrekninga og posisjonen til partikkelen.
Eit fritt elektron kan gå inn i ein kva som helst energitilstand, medan eit elektron som er bunde til ein atomkjerne berre kan ha diskrete, kvantifiserte energitilstandar og orbitalane er eit uttrykk for maksima i sannsynsfordelinga for desse kvantifiserte energitilstandane.
Orbitalane har namn etter forelda skildringar av linjene som opptrer ved spektroskopi: skarp (skarp), principal (hovud-), diffus, fundamental og g . Desse svarar til respektive bikvantetal: s=0, p=1, d=2, f=3 og g=4.
Orbitalene får namn på forma:
der X er energinivå gitt ved hovudkvantetalet (elektronskal), og type er ein liten bokstav som gir orbitalbetegnelse (subskal) og tilsvarar bikvantetalet . y er talet elektron i dette orbitalet.
For eksempel har orbitalet (uttales «ein-s-to») to elektron, har lågare energinivå (n = 1), og har bikvantetall l = 0. I staden for hovudkvantetalet n = 1, 2, 3, 4, 5 ....., vert i nokre tilfelle bokstavar nytta K, L, M, N, O ..... for elektronskalet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.