From Wikipedia, the free encyclopedia
Orbe er ei elv i Rhinenvassdraget. Ho spring ut i Frankrike og renn inn i Sveits og ut i elva Aare. Den siste delen av elva vert kalla Thièle eller Thielle (Zihl på tysk). Ho må ikkje forvekslast med Orbe, som er ei sideelv til Arrats.
Orbe | |||
elv | |||
Land | Frankrike, Sveits | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 488 km² | ||
Lengd | 67 km | ||
Kjelde | nord for La Dôle | ||
• høgd | 1 150 moh. | ||
- koordinatar | 46°29′31″N 6°3′31″E | ||
Munning | Neuchâtelsjøen | ||
- stad | Yverdon-les-Bains, Vaud, Sveits | ||
- koordinatar | 44°44′15″N 6°33′48″E | ||
Orbe-elva 46.492°N 6.0587°E | |||
Wikimedia Commons: Orbe River | |||
Orbe spring ut nær Rousses, og dannar lac des Rousses før ho renn ned til lac de Joux i kantonen Vaud i Sveits. Ho forsvinn under bakken for 4 km og dukkar opp att i Vallorbe. Like etter i Orbe, renn elva saman med Talent og får namnet Thielle. Ho renn gjennom Yverdon-les-Bains og munnar ut i Neuchâtelsjøen. Elva renn ut av sjøen via Thiellekanalen til Nidau-Büren-kanalen i Nidau, like før reguleringsdammen mellom Port og Brügg som kontrollerer vassnivået til tre innsjøar i Seeland.
Orbe drenerer alt vatn frå kantonen Vaud til Rhinen, utanom elva Venoge, på andre sida av Mormont.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.