I matematikk er proporsjonalitet eller proporsjon når to storleikar varierer slik at tilhøvet mellom storleikane er konstant.
Definisjon
Når og er proporsjonale storleikar, kan vi skrive
Der er proporsjonalitetsfaktoren.
Ein kan vidare finne slik
Døme
- Praktisk kan vi sei at to storleikar er proporsjonale om ei dobling av den eine storleiken fører til ei dobling av den andre storleiken.
- Om du køyrer med konstant fart, er distansen du tilbakelegger, proporsjonal med tida du bruker. Det ser vi av formelen for konstant fart , der farten er proporsjonalitetsfaktoren.
- Omkrinsen av ein sirkel er proporsjonal med radius i sirkelen, og er proporsjonalitetsfaktoren etter formelen .
- Krafta ein må bruke for å løfte ein lekam frå bakken, er proporsjonal med massen av lekamen, der tyngdeakselerasjonen (9,81) er proporsjonalitetsfaktoren.
Eigenskapar
Sidan
er òg
Dette tyder at om er proporsjonal med med proporsjonalitetsfaktor , så er proporsjonal med med proporsjonalitetsfaktor .
Om er proporsjonal med , vil grafen med som funksjon av vere ein rett linje, og den vil gå gjennom origo. Stigingstalet vil vere lik proporsjonalitetsfaktoren.
Omvendt proporsjonalitet
To storleikar er omvendt proporsjonale om den eine variabelen er proporsjonal med den inverse av den andre, eller sagt på ein annan måte: produktet av variablane er konstant. Når to storleikar og er omvendt proporsjonale, kan vi skrive
Der er forskjellig frå null. Det vil sei at om den eine variabelen doblast, vil den andre halverast, slik at produktet av dei alltid er konstant.
Til dømes er tida det tar å køyre ein distanse omvendt proporsjonal med farten man reiser med.
Uttrykt grafisk vil ein graf med to variable som varierer inverst, bli ei hyperbel-linje. Produktet av x- og y-verdiane vil alltid vere lik proporsjonalitetsfaktoren . Av dette følgjer at sidan ikkje kan vere null, vil grafen heller ikkje krysse nokon av aksane.
Symbol
Ein nyttar ofte symbolet '∝' for å syna at ein storleik er proporsjonal med ein annan. Til dømes, om A er proporsjonal med B skriv ein A ∝ B. Likeeins, om A er omvendt proporsjonal med B skriv ein A ∝ B.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Proporsjonalitet» frå Wikipedia på bokmål, den 17. september 2011.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.