From Wikipedia, the free encyclopedia
Olenjok (russisk Оленёк) er ei stor elv nord i Sibir i Russland. Elva er 2292 km lang, der rundt 1000 km kan nyttast til skipsfart, og har eit nedslagsfelt på 219 000 km². Den største sideelva hennar er Arga-Sala.
Olenjok | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 219 000 km² | ||
Lengd | 2 292 km | ||
Middelvassføring | 95,7 m³/s | ||
Kjelde | Det sentralsibirske platået | ||
Munning | Laptevhavet | ||
Olenjok 67.5881°N 105.1544°E | |||
Wikimedia Commons: Olenyok River | |||
Elva har utspring nord på Det sentralsibirske platået og renn frå her nordaustover gjennom Olenjok, før ho munnar ut i Olenjokbukta i Laptevhavet ved Ust-Olenjok like vest for Lenadeltaet.
Olenjok er kjend for å vere rik på fisk. Ho er isdekt over åtte månader kvar år og klimaet i området er hardt.
Den russiske polfararen Vasilij Prontsjisjtsjov og kona hans Maria Prontsjsjtsjova døydde av skjørbuk i dette området i september 1736, medan dei kartla kysten av Laptev Sea. Begge vart gravlagde ved munningen av Olenjok
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.