Ole Einar Bjørndalen
norsk skiskyttar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ole Einar Bjørndalen (fødd 27. januar 1974) er ein norsk skiskyttar frå Simostranda i Modum i Buskerud. Bjørndalen er ein av tidenes mestvinnande vintersportsutøvarar, og ingen annan utøvar med ski på beina har fleire verdscupsigrar enn Bjørndalen.
Remove ads
I 1998 vart Bjørndalen tildelt Aftenpostens Gullmedalje for skiskytinga si. I OL i Salt Lake City i 2002 vann han alle fire konkurransane, og dette vert rekna som hans beste meisterskap. Etter dette OL vart han foræra med både Fearnleys olympiske ærespris og Egebergs Ærespris.
Bjørndalen bur i Obertillach i Austerrike. Frå 2006 til 2012 var han gift med Nathalie Santer, som òg er skiskyttar på elitenivå.[1] Broren Dag Bjørndalen har òg vore skiskyttar på elitenivå.
Remove ads
Merittar
Per mars 2017
Olympiske vinterleikar
- 8 gull
- 4 sølvmedaljer
- 1 bronsemedalje
VM i skiskyting
- 20 gull
- 14 sølvmedaljar
- 11 bronsemedaljar
Verdscupen samanlagt
- 6 sigrar
Verdscupen (enkeltrenn)
- 95 sigrar
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads