Odd Inge Olsen
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Odd Inge Olsen (fødd 28. desember 1969) er ein tidlegare fotballspelar frå Hitra i Sør-Trøndelag. Han var 1996–2001 aktiv i Molde Fotballklubb og 2001–2004 i Rosenborg Ballklub. I de fleste år ein innsatsfylt midtbanemann, til sist forsvarsspelar.
Odd Inge Olsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. desember 1969 (54 år) Hitra kommune |
Idrett | fotball |
Olsen spelte i 1987 og 1988 på Kolstad i femtedivisjon. Åra mellom 1989 og 1994 var han aktiv for Melhus IL, bortsett frå vårsesongen 1991, då han var Strindheim-spelar. Etter å ha spelt på Nardo sitt lag i 1995-sesongen, vart han overført til Molde FK mot 140 000 kroner. Frå 1996 til august 2001 var Olsen ein iherdig midtbanespelar på Molde sitt lag i eliteserien. Gjennom aggressiv innsats og mange skåringar bidrog han til at laget kom på andreplass i eliteserien i så vel 1998 som 1999. Etter over 200 kamper i MFK-trøya, vart han i august 2001 overført til Rosenborg BK mot 2,5 millionar kroner. I RBK måtte Olsen oftast starte som innbytar, men fekk nok kampar til å verte seriemeister kvart år 2001–2004. I 2005 og 2006 var han sideback i Stabæk IF til han vart skadd og la opp.
4. september 1997 fekk Olsen 7 minutt som innbytar mot Aserbajdsjan i Baku. Vel ein månad seinare spelte han andreomgangen i ein mållaus kamp mot Colombia på Ullevaal stadion.
Seriemeister: 2001, 2002, 2003, 2004 med Rosenborg BK Sølvmedalje i serien: 1998 og 1999 med Molde FK
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.