From Wikipedia, the free encyclopedia
Freden i Nystad er namnet på den fredsavtalen som vart inngått mellom Sverige og Russland i 1721 i byen Nystad (fi: Uusikaupunki) i Finland, og dermed avslutta den store nordiske krigen. Sverige hadde då alt gjort fred med dei andre motstandarane i Stockholm og Frederiksborg.
Under krigen hadde Peter I av Russland okkupert alle dei svenske områda på austsida av Austersjøen: Ingermanland, der den nye russiske hovudstaden St. Petersburg vart grunnlagd i 1703, Svensk Estland og Svensk Livland, som kapitulerte i 1710 og Finland. I Nystad anerkjende Fredrik I av Sverige formelt overføringa av Estland, Livland, Ingermanland og Søraust-Finland (Kexholmslän og delar av Karelia) til Russia i byte mot to millionar sølv-dalar, medan det meste av Finland vart gjeven attende til Sverige.[1][2]
Nystad markerte eit avgjerande skifte i maktbalansen i Europa. Det svenske imperiet var over, Sverige gjekk inn i fridomstida, medan Russland hadde oppstått som eit nytt imperium.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.