Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
59°54′44″N 10°44′12″E Norsk Sjømannsforbund (NSF) er eit fagforbund som vart stifta 25. september 1910 under namnet Norsk Matros- og Fyrbøter-Union. Namnet forbundet har i dag er frå 1933. Forbundet organiserer utanriks- og cruiseflåten, ferjene, supplybåtane, fiskeriflåten og innanriksfarten. Forbundet har vel 11 500 medlemmar, der rundt 8500 er yrkesaktive. Det største einskildreialaget er Color Line med over 1400 yrkesaktive medlemmar i NSF. Forbundsleiar er Kurt Inge Angell.[1]
Norsk Sjømannsforbund | |||
| |||
| |||
Org.nr. | 938709599 | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1910 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://sjomannsforbundet.no (norsk), https://nsu.org (engelsk) |
Forbundet vart tilslutta Landsorganisasjonen (LO) alt ved stiftinga i 1910, og vart med i Nordisk Transportarbeidarføderasjon, Den Europeiske Transportarbeidarføderasjonen og Den Internasjonale Transportarbeidarføderasjonen. NSF har hovudkontor saman med Norsk Sjøoffisersforbund, som òg står i LO, og med Det norske maskinistforbund som står i Unio, ein type samarbeid på tvers av hovudorganisasjonar som er uvanleg for fagforbund i Noreg.
Forbundet var truleg einaste norske fagforbund som fekk førebudd realistiske krigskriseplanar etter utbrotet av andre verdskrigen i 1939, og forbundsleiinga i Norsk Sjømannsforbund vart dermed det einaste norske fagforbundsleiinga som klarte å flykte frå den tyske okkupasjonen av Noreg 9. april 1940. Denne kriseplanen vart dermed ein del av innsatsen for å hindre at den norske handelsflåten fall i tyske hender i samband med okkupasjonen.[2] Den norske handelsflåten vart organisert i Nortraship, som då vart verdas største reiarlag, styrt av den norske eksilregjeringa i London.
Sidan Norsk Sjømannsforbund var einaste forbund i LO som hadde ei leiing utanfor det okkuperte Noreg vart dei fleste LO-medlemmar i eksil, inkludert Arbeidarpartiet sine medlemmar av London-regjeringa medlem i Norsk Sjømannsforbund den perioden krigen varte.
Bergens Stuertforening som vart stifta i 1902 er den eldste organisatoriske eininga som etter kvart gjekk inn Norsk Sjømannsforbund. Bergens Stuertforening var med i Norsk Stuert- og Kokkforbund, som i 1933 gjekk inn i Norsk Matros- og Fyrbøter-Union. Det nye forbundet tok namnet Norsk Sjømannsforbund.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.