From Wikipedia, the free encyclopedia
Norges Skiforbund er ein idrettsorganisasjon stifta 21. februar 1908. Skiforbundet organiserer nordisk kombinert, hopp og langrenn, alpin skiidrett, freestyle og telemarkkjøring i Noreg. Forbundet har arrangert norske meisterskap på ski sidan 1909, fram til 1937 kalla Hovudlandsrennet.
Med om lag 138 000 medlemer ikring 1150 idrettslag (2019) er Norges Skiforbund det tredje største særidrettsforbundet i Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité (NIF).
Skitinget, det høgste organet i Skiforbundet, møtest annakvart år. Administrasjonen er ved Ullevaal Stadion i Oslo. Erik Røste har vore president i Norges Skiforbund frå 2012.
Norges Skiforbund var med å danne Den Internasjonale Skikommisjon i Oslo i 1910, forløparen til Det internasjonale skiforbundet (FIS).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.