From Wikipedia, the free encyclopedia
«No Son of Mine» er ein song av det britiske rockebandet Genesis frå albumet deira We Can't Dance i 1991. Det vart den første singelen som vart gjeven ut frå albumet og nådde sjetteplassen i UK og 12. plass i USA. I tillegg nådde han Topp 10 i mange europeiske land, mellom anna ein fjerdeplass i Noreg.
No Son of Mine Singel av Genesis frå albumet We Can't Dance | ||
B-side |
Living Forever | |
---|---|---|
Utgjeve | 21. oktober 1991 | |
Innspelt | The Farm i Surrey i 1991 | |
Sjanger | Progressiv rock, poprock | |
Lengd | 4:41 (radioversjon) 6:39 (album) 5:44 (ny edit 1999) | |
Selskap | Atlantic, Virgin | |
Komponist | Tony Banks | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Genesis, Nick Davis, Robert Colby | |
Genesis-kronologi | ||
«Throwing It All Away» (1987) |
No Son of Mine | «I Can't Dance» (1991)
|
Songen fortel soga om ein gut som rømmer heimefrå på grunn av mishandling i heimen, men vel å kome heim att og blir då kraftig irettesett av faren. Phil Collins har sagt at han skreiv teksten slik at det skulle vere uklårt om det var forteljaren eller mora som var offer for mishandlinga.
Videoen for songen er melankolsk og filma i sepiafarge. Videoen syner i røynda det teksten fortel, som er ein samtale mellom ein son og faren. Etter kvart ser ein snøflak som fyk vilt inne i huset, før ein etter kvart for sjå at heile scenen finn stad i ei snøkule som sonen held.
Songen har ein særeigen lyd i introduksjonen og andre stader i songen. Denne lyden vart av bandet kalla «elephantus» og vart skapt av Tony Banks då han tok opp lyden av gitaren til Mike Rutherford med ein sampler og så spelte av lyden i eit mykje lågare register. Arbeidstittelen på «No Son of Mine» var «Elephantus».[1]
Den kortare radioversjonen tonar ut songen i avslutninga, i tillegg til at delar av det andre refrenget er korta ned.
B-sida til singelen var «Living Forever» frå albumet.
Songen vart spelt under alle turneane til bandet frå 1991 til 2007. Songen vart på Calling All Stations-turneen nytta som opningsnummer på dei fleste konsertane.
Konsertopptak av songen finst på albuma The Way We Walk, Volume One: The Shorts og Live Over Europe 2007, og på DVD-ane The Way We Walk - Live in Concert og When in Rome 2007.
Songaren som tok over etter Phil Collins i Genesis, Ray Wilson, heldt fram å spele songen solo etter at han slutta i Genesis, men då akustisk.
|
|
Vekeslister
|
Årslister
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.