From Wikipedia, the free encyclopedia
Niels Norman (også skrive Nils Normann; 27. desember 1770–3. april 1836) var ein norsk prest og stortingsmann, fødd i Trondheim.
Niels Norman | |||
| |||
Fødd | 27. desember 1770 Trondheim | ||
---|---|---|---|
Død | 3. april 1836 (65 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | prest, politikar | ||
Verv | Sokneprest i Leikanger 1816-1822 | ||
Føregangar | Anders Daae | ||
Etterfylgjar | Peter Johan Norman | ||
Alle verv |
|
Norman var son til ein handelsmann i Trondheim. Sjølv studerte han teologi i København og vart cand.theol. i 1796. Frå 1797 til 1803 var han lærar ved den høgre skulen i fødebyen, deretter var han sokneprest i Tranøy i 15 år. Sidan var han sokneprest i Leikanger i Sogn, før ferda gjekk vidare til Asker prestegjeld i 1822.
Norman kom til Leikanger i 1816. Der fekk han i gang skulestellet og oppretta eit folkebibliotek. Frå 1819 fekk han på plass grendemennene, eit nettverk med moralens tilsynsmenn - ein i kvar grend. Deretter oppretta han ein arbeidsanstalt der fattige fekk ull til å arbeide med, for slik å innskrenke tigginga. Biskop Claus Pavels tok fram dei store lovorda då han vitja Leikanger i 1819. Han skreiv at han fann dei moralske tilhøva i prestegjeldet uavlastelege. Regjeringa innstilte Norman som Pavels sin etterfylgjar i bispestolen, men kongen utnemnde Jacob Neumann til ny biskop. Norman vart i staden utnemnd til den nye biskopen sin etterfylgjar som sokneprest i Asker.
Norman var 2. representant for Finmarkens amt på Stortinget 1815-16. På tinget var han medlem av ei 15-16 komitear. Mellom anna var han med i kyrkjekomiteen, og i komiteane som drøfta sal av embetsgardar, om kongetiend i Østerdalen, og allmugen sin rett til å kjøpe soknekyrkjer.
I 1824 var Norman fyrste varamann til Stortinget frå Akershus amt. Han døydde som sokneprest i Asker.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.