Niš

From Wikipedia, the free encyclopedia

Niš

Niš (kyrillisk Ниш; gresk Ναϊσσός, Naissós) er ein by i Serbia i distriktet Nišava ved elva Nišava. Med kring enn 250 000 innbyggjarar er han den største byen i Sør-Serbia og den tredje største byen i landet etter Beograd og Novi Sad. Byen dekkjer eit område på 597 km², som omfattar sjølve byen Niš, kurstaden Niška Banja og 68 forstader.

Kjappe fakta Niš Ниш, Styresmakter ...
Niš
Ниш
Thumb
Horisonten til Niš
Thumb Thumb
Flagget til Niš Byvåpenet til Niš

Kallenamn
«Keisarbyen»
Styresmakter
Region
Distrikt
Sørlege og austlege Serbia
Nišava
Geografi
Flatevidd 597 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2022)
 - Byområde

249501
178976
Høgd over havet 195 m
Tidssone UTC+01:00, Sentraleuropeisk tid (UTC)
Diverse anna
Postnummer 18000
Telefon-retningsnummer (+381) 18
Bilnummer NI
Heimeside: www.ni.rs
Plassering
Thumb
Plassering av Niš
Lukk

Niš er ein av dei eldste byane på Balkan, og frå gammalt av vore ein port mellom Austen og Vesten. Han ligg der motorvegane på Balkan møter motorvegane frå Mellom-Europa, og knyter Vesleasia til Europa. Niš Konstantin den store lufthamn er den internasjonale flyplassen ved byen.

I Niš ligg ein av dei eldste kyrkjene i Serbia, frå 300-talet.[2] Byen er òg kjend som fødestaden til Konstantin den store, den første kristne romerske keisaren og grunnleggjaren av Konstantinopel,[3] og to andre romerske keisarar, Konstantius III og Justinius I.

Niš er eit universitetssenter. Det er om lag 30 000 studentar på Universitetet i Niš, som består av 13 fakultet. Niš er òg eit av dei viktigaste industrisentera i Serbia, eit senter for elektronikk, maskinteknikk, tekstilindustri og tobakksindustri.

Historie

Tidleg historie

Thumb
Mosaikk i Mediana

Under Romarriket heitte byen Naissus, som er det latinske namnet av det opphavlege Naissos ('nymfebyen'), ein gammal gresk koloni som vart grunnlagd i antikken.

Då romarane erobra dei greske koloniane var Naissos base for desse operasjonane i området. Naissus vart først nemnd i romerske kjelder på byrjinga av 100-talet e.Kr. og vart nemnd i Geografia av Klaudios Ptolemaios. Romarane okkuperte byen i perioden under den dardanske krigen (75-73 f.Kr.), og byen utvikla seg som ein strategisk korsveg, garnison og marknadsby i provinsen Moesia Superior.

I 268 e.Kr., under «krisa på 200-talet» då Riket nesten kollapsa, invaderte gotarane Balkan i store massar. Gotarane var allierte med herulane som gav dei flåte som kunne transportere dei store armeane nedover kysten av Svartehavet, der dei raserte kystområda i Thrakia og Makedonia. Ein annan stor styrke kryssa Donau i Moesia. Invasjonen til gotarane i provinsen Pannonia førte til katastrofe. I 268 vann keisar Gallienus nokre viktige sigrar på land og til havs, men det var etterfølgjaren Claudius II som til slutt slo tilbake fienden i slaget ved Naissus i 268, eit av dei blodigaste slaga på 200-talet.

Fire år seinare i 272 vart son av kommandanten Constantius Chlorus og krovertdottera Flavia Iulia Helena fødd i Naissus og vart seinare keisar Konstantin den store. Ruinane etter keisarvillaen frå 300-talet i Mediana er ein viktig arkeologisk stad nær Niš. Mosaikkgolvet og andre spor etter luksus er godt bevarte i eit arkeologisk museum på staden. Andre villaer frå same tida ligg like i nærleiken. Den kristne basilikaen frå 300-talet i Niš er eit av dei eldste kristne byggverka. Ein annan romersk keisar, Konstantius III (421), vart fødd i Naissus.

Sjølv om keisar Julian forsterka murane, gjorde den store velstanden i byen han til eit mål, og han vart øydelagd av Attila i 443. Hunaren Attila erobra Naissus med rambukkar og rulletårn, som var nye våpenmetodar for hunarane. Etter hunarane erobra byen Naissus massakrerte dei innbyggjarane i byen. Fleire år seinare var elvebreidda utanfor byen framleis dekt av menneskebein. Grunnleggjaren av det justinianske dynastiet, Justinius I vart fødd i Naissus i 450, og nevøen hans Justinian I gjorde sitt beste for å bygge opp att byen, men Naissa klarte aldri å verte like stor som han var på 300-talet.

Mellomalderen

På siste halvdel av 500-talet vandra dei første slavarane og avarane til området. På 500- og 600-talet gjorde slaviske stammer åtte forsøk på å ta Niš. I det siste åtaket i 615 klarte dei å ta byen, og det meste av den romerske folkesetnaden flykta eller forsvann. Byen og jordbruksområda rundt vart så busett av slavarar. På 800-talet tok bulgarar over området, etterfølgd av ungararar på 1000-talet, og byen stod imot eit åtak under folkekrosstoget den 3. juli 1096. Austromarane gjenerobra byen nok ein gong i 1173, før han mot slutten av 1100-talet kom inn under den serbiske fyrsten Stefan Nemanja.

I 1375 erobra Det osmanske riket Naissus. Etter ein 25 dagar lang omleiring fall byen til tyrkarane. I 1443 fall Niš til Ludanjin og byen vart gjeven tilbake til serbarane. Den ungarske militærleiaren Janos Hunyadi i lag med serbaren Đurađ Branković slo tyrkarane og pressa dei tilbake til Sofia. Eit viktig slag vart utkjempa nær Niš, som vart verande ein fri by eit år etter det. Det var under dette slaget at den osmansk kommandanten Gjerg Kastrioti, kalla Skanderbeg, forlet osmanarane. Han rømde til Albania med ein stor flokk, der han dreiv geriljakrig mot osmanarane resten av livet sitt.

Nyare tid

Thumb
Ytre murar i Skalletårnet

Niš overgav seg til tyrkarane igjen i 1448, og vart verande underlagt tyrkarane dei neste 245 åra. I denne perioden var Niš eit av seta for tyrkisk militære og sivil administrasjon. Niš festning, som vart bygd i denne perioden, er framleis eit av dei vakraste og best bevarte byggverka på Balkan.

Den bevarte festninga har tyrkisk opphav og vart bygd på byrjinga av 1700-talet. Festninga vart reist over eit tidlegare festningsverk frå romarane, austromarane og mellomalderfort. I 1737 vart Niš erobra av den austerrikske armeen i felttoget deira mot tyrkarane. Krigen enda i 1739.

På byrjinga av 1800-talet var frigjeringa av Niš frå tyrkarane avgjerande for å opprette ein ny serbisk stat. Den serbiske leiaren Karađorđe påpeikte i samtalar med representantar frå Russland, Napoleon og tyrkarane, at Niš måtte høyre til Serbia. Den serbiske frigjeringshæren gjekk mot Niš for å ta byen og gå vidare mot Gamle Serbia og Kosovo. Byen vart ein del av Serbia etter San Stefano-traktaten

Thumb
Universitetet i Niš og Minnekapellet

Under den tyske okkupasjonen i den andre verdskrigen vart den første konsentrasjonsleiren til nazistane i Jugoslavia bygd nær Niš. Byen vart kraftig bombardert av dei allierte i 1944.[4] I 1996 var Niš den første byen i Serbia som stod opp mot styret til Slobodan Milošević. Ein koalisjon av demokratiske motstanderparti kalla Zajedno («Saman») vann det lokale valet i Niš i 1996. Den første demokratisk valde ordføraren i Niš var Zoran Živković, som seinare vart statsminister i Serbia i 2003. 7. mai 1999 vart byen klasebomba av NATO.

Bydelskommunar

Thumb
Bydelskommunane i Niš

Niš er delt inn i fem bydelskommunar som dels er bydelar i byområdet til Niš, dels er forstader.

Meir informasjon Folketal 2002, Folketal 2011 ...
Folketal 2002Folketal 2011Folketal 2022Status
Crveni Krst33 45232 30129 518Bydel og forstad
Medijana87 40585 96983 113Bydel og forstad
Niška Banja15 35914 68012 940Forstad
Palilula72 16573 80169 811Bydel og forstad
Pantelej42 13753 48654 119Bydel og forstad
Total250 518260 237249 501
Lukk

Sjølve byområdet hadde i 2022 178 976 innbyggjarar, fordelt slik på bydelskommunane:[5]

Meir informasjon Namn, Totalt ...
Namn Totalt Forstad Bydel
Crveni Krst29 51817 54811 970
Medijana83 1134 64378 470
Niška Banja12 94012 940
Palilula69 81117 62952 182
Pantelej54 11917 76536 354
Total249 50170 525178 976
Lukk

Befolkningsutvikling

Folketalet ved folketeljingane etter den andre verdskrigen for heile kommunen Niš og for sjølve byområdet.[5]

Meir informasjon År, Kommune ...
Historiske folketal
ÅrKommuneByområdet
1948109 28047 296
1953122 10056 589
1961148 35478 712
1971195 362124 264
1981232 563157 326
1991248 086175 649
2002250 518175 631
2011260 237183 164
2022249 501178 976
Lukk

Busetnader

Dei største busetnadene i kommunen Niš er:[5]

Meir informasjon Bydelskommune, Folketal 2002 ...
BydelskommuneFolketal 2002Folketal 2011Folketal 2022
Niš175 631183 164178 976
Donja VrežinaPantelej4 0886 7587 085
Brzi BrodMedijana4 4524 6424 643
Nikola TeslaNiška Banja3 5324 6514 374
Deveti majPalilula4 3054 7954 330
Niška BanjaNiška Banja4 4374 3803 821
KamenicaPantelej3 9143 7453 773
Pasi PoljanaPalilula2 1392 9382 948
PopovacCrveni Krst2 5882 8472 650
MedoševacCrveni Krst2 7042 6742 490
Gornji MatejevacPantelej2 6472 5132 041
TrupaleCrveni Krst2 1092 1271 960
Lukk

Byområdet til Niš fordelt på bydelar:

Meir informasjon Folketal 2002, Folketal 2011 ...
Folketal 2002Folketal 2011Folketal 2022
Medijana82 95381 32778 470
Palilula54 59654 59752 182
Pantelej25 09034 72436 354
Crveni Krst12 99212 51611 970
Niš175 631183 164178 976
Lukk

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.