Nepe

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nepe

Nepe (Brassica rapa) er ein gammal kulturplante som hadde stor ernæringsmessig tyding før poteta kom til Europa. Neper finst i fleire variantar og forma på rotfrukta kan vera rund, oval eller avlang.

Kjappe fakta
Nepe
Thumb
Nepe
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Brassiceae
Slekt: Kålslekta Brassica
Art: B. rapa
Underart: Nepe B. r. rapa
Vitskapleg namn
Brassica rapa rapa
Lukk

Nepe blir hausta ganske tidleg og får berre veksa i rundt 6 veker før ho blir teken opp. Den kvite runde rotknollen er då liten i storleik med ein diameter på 810 cm. Tidleghausta nepe er ei velsmakande delikatesse med mild og god smak. Veks nepa lengre, blir ho større, smaken blir beisk og konsistensen hard eller treen.

Dei fleste nepesortane er kvite, men i Nord-Noreg dyrkar ein òg den skarpt gule målselvnepa.

Thumb
Målselvneper i ei torgbu i Tromsø. Målselvnepene er skarpt gule, og vert brukte i Nord-Noreg.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nepe


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.